Fyrste august i år meldte Miljøpartiet De Grønne sin listetopp i Lindås flytting til Masfjorden kommune grunna jobbtilbod. Det betyr at han ikkje kan verta vald inn i kommunestyret i Lindås, likevel har ikkje partiet hans informert offentlegheita om det.

– Det kom litt brått på i sommar, då både eg og sambuaren min fekk tilbod om jobb i Masfjorden. Etter litt tenking fann me ut at dette var ein moglegheiit, seier Jon Torstein Bakken til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: undefined

Begge to har tatt eit års permisjon frå jobbane sine for å jobba i Masfjorden. Men ikkje nok med det, dei meldte flytting. Det betyr at han no har gjort seg utilgjengelig for å verta stemt inn i Lindås kommunestyre.

– Me har ikkje hatt ei rolle i politikken i Lindås før, me har ingen personar som er i posisjon. Så om folk har vald å stemma på Miljørpartiet De Grønne (MDG) for dei har sett bilete mitt i avisa Nordhordland, er me ikkje utakknemlige for det. Men eg håpar dei har lagt meir til grunn for si vurdering, seier Bakken.

– Er det uheldig at du har meldt flytting, utan å informera om det?

– Nokon kan meina det er uheldig. Eg har fått tilbakemelding på at det er å lura velgarane at me ikkje flaggar det stort og breitt. For meg er det ein underleg tankegang, seier han.

Bakken understrekar at då listeforslaget vart levert inn i mars, var det ikkje i planane hans å flytta frå Lindås.

– Eg ser at i det i det tradisjonelle politiske systemet tel dette med andlet. Ein treng ikkje å vera ein særleg fantastisk person, men har berre folk sett andletet ditt så vert du vald inn. Ein skal kreva meir av velgarane at dei skal ikkje stemma på andlete, men på kva partia står for, seier han.

LES OGSÅ: undefined

Bakken meiner MDG Lindås ikkje er i ein posisjon der dei kan lura nokon.

– Me har bedt om at ein skal gje partiet vårt tillit. Eg vil ikkje seia at me lurer nokon ved å ha namnet mitt øvst, seier han.

– Du har vore i kontakt med media fleire gonger etter 1. august, då du meldte flytting. Kvifor har du ikkje opplyst at du har meldt flytting til ein annan kommune?

– Det handlar om den beskjeden me fekk i utgangspunktet, om at eg flytta ikkje ut av kommunen for godt. Dermed var ikkje det ei greie. Så kom det fram i førre veka eller veka før, kva dei faktiske realitetane var, seier han.

Han nektar for at dei har forsøkt å halda noko skjult.

– Det er skjeldan ein tener noko på det. Det er og uvesentleg i den situasjonen me er i. For folk stemmer ikkje på meg, men på partiet, seier han.

– Burde de informert om dette tidlegare?

– Det vert hipp som happ. Eg ser ingen grunn til å fortelja om det. Det har ingen praktisk betydning på nokon måte, meiner han.

Bakken hevdar det vert å flytta fokuset frå noko relevant til noko irrelevant.

– Ei stemme på MDG er ei støtteerklæring til partiets visjonar og løyningar, og at eg som person i den samanheng er irrelevant, all den tid me i vårt parti er ei gruppe som dreg i samme retning, uavhengig av kven som har sitt ansikt på ei eventuell plass i kommunestyret, seier han.

Det er professor Frank Aarebrot rykande ueinig i.

– Det er eit grovt forsøk på å lura velgarane i ein valkamp, meiner han.

– Eg reagerer veldig negativt på at det ikkje er informert om dette til velgarane, held han fram.

LES OGSÅ: undefined

Han forutset at partia er ærlege og sender ut pressemeldingar når slike ting skjer.

– Er det ein intensjon bak at det ikkje har skjedd, er det klanderverdig, seier han.

Aarebrot meiner det einaste som kan frita dei for skuld er om det er ein uskuldig feil gjort frå eit nytt og uerfarent lokallag.

På den andre sida peikar han på at det er heilt feil det som Bakken seier, at det er partiet og politikken deira ein stemmer på, og ikkje personane.

– Du stemmer på personen reint juridisk ved eit kommuneval. Det ser ut som eit listeval, men det er eit personval, seier han.

– Det er difor ein kunne ha berre ei liste i Modalen i mange år, fortel han.

Reint praktisk betyr det at den personen med mest listestemmer kjem inn.

– I verste fall kan ein person frå eit anna parti rykka inn og ta plassen, peikar Aarebrot på.

Aarebrot seier at det var heilt unødvendig av Bakken å melda flytting i det heile.

– Det er lov å jobba i ein kommune og sitja i kommunestyret i ein annan. Men no skattar han til Masfjorden, og ein kan ikkje bestemma budsjettet i ein kommune du ikkje skattar til, seier han.

Reint praktisk sett betyr Bakken si flytting no at det er Anita Bakken som har rykka opp og vert partiets nye toppkandidat ved valet.

Tom Sverre Tomren er fylkeslagsleiar i MDG, Han seier dei fyrst nyleg er vorte informert om saka.

– Me på fylket fekk veta om dette for ein og ein halv dag sidan, og me har ikkje klart å få Bakken i tale etter at me fekk ein SMS om det, seier Tomren til avisa Nordhordland.

Han beklagar det som har skjedd.

– Men me har ein god andrekandidat, meiner han.

– Burde ikkje Bakkken meldt frå om dette før?

– Det haddde vore ein fordel for alle partar om han det hadde gjort, seier Tomren.

Han kallar heile situasjonen uheldig.

– Men det beror nok på at han ikkje har  kjent til regelverket,meiner han.

– Me har ikkje prøvd å lura velgarane i det heile. Her er det snakk om ein mann som ikkje har kjent til regelverket, forklarar han.

Tomren seier at Bakken ikkje skulle ha meldt flytting i det heile.

– Er det snakkk om å vera vekke for ein kortare periode, skulle han berre ha søkt om permisjon, peikar han på.