Vert dette årets valvinnar i Lindås?

Bjørn Humblen, Partiet De Kristne.

Bjørn Humblen, Partiet De Kristne. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Skal ein tru avisa Nordhordland sin velgarguide er det Partiet De Kristne som stikk av med valsigeren i Lindås

DEL

I skrivande stund er det 2251 stykk som har tatt avisa Nordhordland sin velgarguide i Lindås. Om resultata frå den hadde vorte utslagsgjevande for årets val i Lindås, hadde årets valvinnar vorte noko overraskande på dei fleste.

For det er nemlig Partiet De Kristne som stikk av med sigeren, med heile 26,45 prosent av stemmene.

Det får lokallagsleiar Bjørn Humblen til å jubla av glede.

– Då vert jo eg ordførar då kanskje, seier Humblen leande.

Han legg ikkje skjul på at han er overraska over utfallet.

– Det var litt høgare enn kva eg hadde forestilt meg. Då er kanskje ikkje to mandat så langt unna likevel då, seier han.

LES OGSÅ: – Voldsomme diskusjonar, men aldri konfliktar

For partiet, som stiller til val for fyrste gong i Lindås, har ambisjonar om å få inn eit mandat i kommunestyret for neste periode.

– Så får me be om å få inn ein til. Men den siste er nok ein hail Mary. Då treng me ekstra drahjelp, seier han.

No er håpet hans at avisa Nordhordland si Veljarhjelp skal spegla att i det reelle valresultatet.

– Dette viser at me med vårt program slår ned i store velgargrupper som ikkje anser seg som særleg bibeltru, seier han.

Parti  Antall anbefalingar Prosent
Partiet De Kristne 756 26,50 %  
Arbeidarpartiet 661 23,17 %  
Sosialistisk Venstreparti 486 17,03 %  
Høgre 224 7,85 %  
Kristeleg Folkeparti 198 6,94 %  
Framstegspartiet 173 6,06 %  
Senterpartiet 151 5,29 %  
Miljøpartiet Dei Grøne 103 3,61 %  
Venstre 101 3,54 %  

Kjem dei inn i kommunestyret i Lindås vil dei samarbeida med partia som har eit klart borgarleg standpunkt.

Hjå KrF er dei ikkje like nøgd med utfallet.

– Eg tenkjer at ein velgarguide er ein velgarguide. Eg håpar me kjem litt betre ut av det enn dette til valet, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

For i avisa Nordhordland si veljarhjelp endar KrF opp med sju prosent av stemmene i Lindås. Ved førre val fekk dei 26,4 prosent av stemmene.

No er håpet å ikkje å få ein for stor tilbakegong.

– Eg er førebudd på tilbakegang, seier Byrknes.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes

– Uansett valresultat ynskjer eg framleis å bidra med å byggja og utvikla Lindåssamfunnet og bidra med gode løysingar for kvardagen, seier ho.

Men ho er likevel offensiv.

– Får me rundt 25 prosent av stemmene er det bra, seier ho.

Avhengig av valresultat må partiet samarbeida med andre parti for å halda på makta i Lindås. I perioden som snart er slutt har dei samarbeida med Høgre. Før det samarbeida dei og med FrP og tidlegare har Ap vore blant samarbeidspatnarane.

– Eg håpar på eit styringsdyktig fleirtal og at KrF er ein del av det, seier ho.

LES OGSÅ: Ho vil ha vatn i dei tomme bassenga

i Bergen ligg Ap langflate etter KrF og på fylket har partia inngått samarbeid, saman med Sp. Byrknes avviser på ingen måtar å samarbeida med Arbeidarpartiet.

– Ap og KrF har samarbeidd godt i enkeltsaker. Dei har vore veldig konstruktive og det dei seier kan ein stola på, seier Byrknes.

Ho seier at av oposisjonspartia har ho veldig sansen for Bognøy og laget hennar.

– Så det er ikkje urealistisk at det skjer noko mellom dykk etter valet?

– Det kan godt henda det skjer noko, seier ho. Men ho understrekar at ho ikkje er ein del av KrF sitt forhandlingsutval.

Dei fleste parti i Lindås har snakka med kvarandre i lengre tid for å få på plass konstellasjonar til etter valet. Dei aller færraste vil utelukka andre parti.

Nina Bognøy og Ap vil eigentleg ikkje vera for konkrete. Men let seg nesten lokka utpå når det vert spurt om samarbeid med KrF.

– KrF tenkjer eg kan vera.... Nei, eg vil ikkje forskotera resultat og konstellasjonar no, seier Bognøy.

Men ho seier at Ap er budd på å samarbeida med dei fleste for å sikra seg makt i Lindås.

Nina Bognøy

Nina Bognøy

– Eg avviser ingenting på noverande tidspunkt, seier ho.

– Men det må takast ei vurdering om me skal gjera det for ein kvar pris, legg ho til.

Men ho legg ikkje skjul på at ambisjonane deira er å sikra seg makt.

– Me vil vera med og vera styrande i Lindås, seier ho.

LES OGSÅ: Lærardraumen: Drøymer om mindre klassar

Bognøy kan velta seg i firarar i år. Framstegspartiet vil også samarbeida.

– Ap og FrP har stått saman i mange saker. Mellom anna i skulesaka stod me rakrygga saman. Så eg trur det ville vore eit spanande samarbeid, seier Bjarte Vatnøy.

Bjarte Vatnøy (FrP)

Bjarte Vatnøy (FrP)

Men han seier at det mest naturlege for FrP er eit breitt borgarleg fleirtal.

– Så får me sjå kva ein får til i forhandlingar, seier han.

På Nordhordland sin veljarguide endar partiet hans på 6,17 prosent. I førre val fekk FrP 14,9 prosent i Lindås.

– Vårt mål er å gjera det betre enn ved førre val, seier han.

Ordførarvervet freistar Vatnøy mykje.

– Men det handlar og om kva me får gjennom i politikk. Men er moglegheita der, vil eg verta ordførar, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken