– Eg må få gratulera ordføraren med eit fantastisk val. Dei har for tredje gong på rad auka tala sine, og det er stort, seier Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Lindås, Nina Bognøy.

– Eg ser at Lindåsinnbyggaren vil ha Astrid vidare som ordførar. Men eg tek og eit signal om at dei ynskjer eit skifte. Høgre, som var ei stor gruppe, går kraftig tilbake, peikar ho på.

 

Når 99,6 prosent av stemmene er telt opp i Lindås har KrF fått 28,2 prosent av stemmene, medan Ap har fått 20,9 prosent. Dei har då gått fram høvesvis 1,8 og 2,1 prosent. Til saman har dei 15 av 31 representantar i det nye kommunestyret. Oppteljinga av personstemmer kan føra til endringar, men det er førebels ikkje klart.

– Så då vert du ny varaordførar då, Bognøy?

– Eg har ikkje sett dokument på at eg er det. Men eg vil vera med og vera førande i politikken den komande perioden, seier ho.

– Men de let KrF halda fram med å ha ordføraren?

– No skal me bruka tida framover til å samtala, så får me sjå kva som kjem ut av dei kaffikoppane. Og så vil det koma noko ut av det i etterkant, seier ho.

Forholdet mellom kandidatane verkar veldig bra, sett frå utsida. Dei stadfestar det langt på veg i intervjuet også.

– Eg set utruleg stor pris på Nina, seier Byrknes.

Ho seier og at de KrF har sett pris på hjå Bognøy og Ap er den ryddigheita og proffesjonaliteten som dei har hatt i heile perioden i Ap, særleg i formannskapet.

– Det vil eg berømma. Det har vore tiltalande overfor meg og partigruppa. Det set me umåteleg pris på, seier ho.

LES OGSÅ: undefined

Berre kort tid etter avisa Nordhordland var ferdig med intervjuet kom den offisielle pressemeldinga som stadfesta at Byrknes vert ordførar og Bognøy varaordførar. Sp og Venstre er på si side sikra plass i formannskapet dei neste fire åra.

Det er fleire skilnader på partia, men i Lindås er det skulesaken som har vore den største skilnaden mellom Ap og KrF dei siste par periodane. No lovar begge to at det ikkje skal kuttast i talet på skular i Lindås dei neste fire åra.

– Skulesak vert ikkje ei sak frå Ap dei komande fire åra, seier Bognøy.

– KrF har vedtatt ein kommunedelplan for skule, og den seier at skulesaka skal ligga i ro dei neste fire åra.

Byrknes seier at når det kjem til privatisering og konkurranseutsetjing er Ap og KrF på linje.

– Det er ei ikkje-sak for KrF. Me ynskjer ikkje det, seier ho.

LES OGSÅ: undefined

Byrknes meiner det og vil vera heilt feil å byrja på ein prosess med privatisering samstundes som ein jobbar for kommunesamanslåing.

 

Byrknes byrjar no på sin tredje periode som ordførar i Lindås, noko som aldri har skjedd før. Mest truleg vert ho og den siste ordføraren i Lindås kommune.

– Det er veldig spesielt. Det er ingen ordførar i Lindås som har hatt så mange periodar heller. Det er eg audmjuk for. Eg er trass alt innflyttar, seier Byrknes som har budd i Lindås sidan 1995.

Ho er og fyrste vara til Stortinget. Ho vil ikkje seia om ho stiller til Stortingsvalet om to år.

– Eg veit ikkje kva som skjer, men eg trur eg vert her denne perioden, seier ho.

Med seg får dei altså Senterpartiet og Venstre. Dei får høvesvis fire og ein person inn i kommunestyret.

– Kvifor går de inn i dette samarbeidet?

– For å få eit styringsdyktig fleirtal og ein politikk me står for, seier Anna K. Valle i Sp.

Ho seier dei i Sp er opptatt av å skapa ein levande kommune med aktivitet rundt i heile kommunen.

– Korleis skal de klara det?

– Godt samarbeid i koalisjonen er viktig for å få noko til. I Venstre er me glade for sentrumssamarbeidet, og at me går mot Ap er noko eg personleg er veldig glad for, seier Sveinung Toft.

 

Saka vert oppdatert