Gå til sidens hovedinnhold

Kranglar om kulturhus og basseng: – Høgre-bassenget snik i køen

Artikkelen er over 5 år gammel

Høgre meiner KrF sitt kulturbad er eit luftslott som fører veljarane bak lyset. Ap på si side meiner Høgre sitt basseng snik i køen. Temperaturen er skyhøg i Lindås når det kjem til kulturhus og basseng.

I førre periode ville Høgre ha både kulturhus og ny kyrkje, men gjekk for bygging av ny kyrkje då dei meinte Lindås ikkje hadde råd til begge. I neste periode vil Lindås Høgre ha på plass både basseng og kulturhus. Men meiner Lindås ikkje har råd til begge nett no og vil gå for bygging av eit basseng oppe ved Nordhordlandshallen. Det skjønar ikkje Arbeidarpartiet noko som helst av.

LES OGSÅ: Anette og klassekompisane opplevde at rådgjevingstimane i 10. klasse vart brukt til naturfag

– Vil gå lang tid

– Eg er redd for at om me skal venta på eit svømmebasseng i kjellaren på eit kulturhus, vil det gå mange år før me får det på plass, seier Høgre sin ordførarkandidat May Eva Sandvik til avisa Nordhordland.

Høgre meiner at det er eit for omfattande arbeid som står føre ein kjem i gang med eit regionalt kulturhus, difor bør ein gå i gang med bygging av bassenget i neste periode.

– Me vil gjera begge ting. Då får me ein svømmehall på kort sikt, samstundes som me har starta arbeidet med eit regionalt kulturhus, seier ho.

Arbeidarpartiet ønsker eit basseng velkommen.

LES OGSÅ: undefined

Vil ikkje ha sniking

– Men om det skal ilplasserast med ein gong, snik det i køen, hevdar Nina Bognøy.

– AP har kjempa for å få på plass eit kulturhus i Knarvik i 40 år no. Framleis er det ikkje komme noko som helst, kvifor skal me tru på dykk denne gongen?

– For det fyrste har me ikkje sete med makta dei siste åtte åra. Og det eg høyrer Høgre sin ordførarkandidat seier er at ho skal la eit basseng snika i køen, seier ho.

Bognøy viser til at kommunen skal bygga fleire skular, ein aktivtetshall i Alversund.

– Og eit kulturhus skal på plass. Korleis skal administrasjonen få tid til å områ seg og få tid til å gjera alt dette, spør Bognøy.

– Eg ser ikkje på det som å snika i køen, gjentek Sandvik.

– Eit basseng har vore på ønskelista sidan Nordhordlandshallen kom for 20 år sidan, peikar ho på.

80 prosent vil ha basseng

Alle politikarane i Lindås seier ja til å bruka meir pengar på kultur den neste perioden. Der er dei på linje med lesarane til avisa Nordhordland. Av 1197 svar i vår Velgarguide, vil 59 prosent at det skal brukast meir pengar på kultur. 62 prosent seier at dei vil ha på plass eit regionalt kulturhus. Men det er for basseng engasjementet er størst.

Der seier heile 80 prosent at dei vil ha eit regionalt svømmeanlegg i Knarvik.

– Ein må gå i gang og planlegga og prosjektera kulturhus med basseng med ein gong, seier Bognøy (Ap).

– Sjølv om det kan ta ti år før det er på plass?

– Eg meiner det må gå fortare, seier ho.

– Kor fort då?

– Seks – sju år.

Det har ikkje Høgre trua på.

– Eit basseng har ikkje tid til å venta på eit kulturhus, seier Sandvik.

Ho har heller ikkje trua på KrF sitt Kulturbad med ide frå Stord.

– Det er eit luftslott og er å føra velgarane bak lyset, hevdar Sandvik.

Ho meiner kommunen manglar finansieringa.

– Eg utfodrar KrF til korleis dei vil finansiera dette, seier ho.

Miljøpartiet De Grønne (MDG) vil som AP bygga basseng og kulturhus saman.

– Kor lang tid det tek, er avhengig av kor mykje me vil ha det. At det har tatt 40 år til no, er berre heilt absurd, seier Jon Halstein Bakken.

– MDG skal gjera sitt yttarste for at det vert meir handling og mindre prat, sluttar han.

Kommentarer til denne saken