Gå til sidens hovedinnhold

Her pakkar politikarane ned 60.000 valprogram

Artikkelen er over 5 år gammel

Målet er å auka valdeltakinga.

I 2011 deltok 67,6 prosent av velgarane ved kommunevalet. Dette er noko av det høgaste som nokon gong har vore i Lindås, likevel er ikkje politikarane nøgde.

Difor samla det seg folk frå alle parti som står til val i Lindås i formannskapssalen i Knarvik for å samla saman alle programma i ein konvolutt som så vert sendt ut til kvar husstand i kommunen, 6500 i talet.

LES OGSÅ: undefined

Med ni lister til val, vert det nærare 60.000 program som vart pakka ned tysdag kveld.

– Eg vart inspirert til dette for lenge sidan, av andre kommunar som har gjort dette, seier initiativtakar til det heile, ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til avisa Nordhordland.

Ho seier at det omtrent er fest i heimen på Karmøy, der ho kjem frå, når partiprogramma kjem samla til folket.

– Eg tok difor ideen opp med alle partia i sommar, og alle tente på ideen, seier ho.

Kostnaden med det heile, rundt 30.000 kroner, er det valstyret i Lindås som tek.

LES OGSÅ: undefined

– Då legg me også oppi litt informasjon frå kommunen der me seier litt om valet, kvar og kortid ein kan røysta om ei endring i eit vallokale på Lindås, seier ho.

Målet med prosjektet er at ein skal auka valdeltakinga.

–  Eg trur folk tenkjer at er det noko vits? Kan eg gjera ein skilnad? Det kan ein. Det å nytta røysteretten sin er kjempeviktig. For me er kjempeheldige i dette landet, at me har eit lokaldemokrati som fungerer. At me kan stemma på dei me stemmer på. Det skal me ikkje ta for gitt, det er for mange som sit hema og tenkjer at det ikkje vert endringar likvel, oppmodar ho.

Ho viser til at ved dette stuntet får alle innbyggarane ein lik moglegheit til å setja seg inn i alle programma.

– No har dei små like store moglegheiter til å nå alle innbyggarane som dei store, peikar ho på.

Eit av dei mindre partia i Lindås er Senterpartiet som er inne med tre representantar i kommunestyret i dag. Ved førre val fekk dei 686 stemmer.

– Dette betyr at me er sikra å nå ut til alle husstandar, det sparar miljøet og eg håpar me skal få opp interessa for valet på dette viset, seier listetopp Anna K. Valle.

– Korleis kan dette gjera det?

– For no får ein all info frå alle parti samstundes. Nokon hiv det nok på direkten, medan andre tek det truleg opp og samanliknar partia, håpar ho.

LES OGSÅ: undefined

Bjørn Humblen i Partiet De Kristne er betinga positiv til prosjektet.

– Det er ein grei måte å gjera det på, seier han.

– Ville det nådd ut til like mange om de ikkje gjorde dette?

– Kanskje ikkje. Men det er det for tidleg å seia noko no, sluttar han.

Kommentarer til denne saken