GULEN: Etter ein braksiger for Senterpartiet, har det aldri vore tvil om at Gulen sin ordførar dei neste fire åra heiter Hallvard S. Oppedal. No er det også klart at Odd Harald Eide (Ap) vert varaordførar.
- Vi trengde berre to stemmer for å ha fleirtal, og det var naturleg for oss å venda oss til Arbeidarpartiet og ikkje Høgre. Det har vist seg i kommunestyret dei siste fire åra at skiljelinene i saker vi har vore ueininge i, har gått mellom Høgre/Frp og resten, seier Oppedal som er overvelda over tilbakemeldingane frå folket og ønskeposisjonen Sp no har fått. Av viktige saker framover er sjølvsagt kommunestrukturen og bassengsaka. - Og så er det spennande korleis økonomien blir framover. Det kan bli harde tak der, seier ordføraren.
en ønskeposisjon for Sp. over all forventning. Det blir ein dom over det ein har gjort, var litt nervls. gir veldig inspirasjon til vidare arbeid når ein får sånne tilbakemeldinger.