Det seier Ketil Hantveit i Fjordguiding. Han saknar ein kommune som er på lag og som er flinkare til å respondera.

– Eg tykker ikkje dei er så gode til det i dag, seier gulingen. Han er styreleiar og ein av dei største eigarane av Fjordguiding, som er det største RIB-guidingselskapet i Noreg, med aktivitetar mellom Stavanger og Molde.

LES OGSÅ: undefined

– Heimepatriot

I 2015 har dei meir enn 13.000 passasjerar og kjem til å passera sju millionar kroner i omsetting. Men dei merkar også at det er mindre aktivitet i oljebransjen.

– Det er mindre bedriftsturar no, difor er yachtmarknaden bra å ha, seier han.

For i tillegg til seks RIB-ar, har dei ein 49 fots Azimut og ein Sunseeker på 74 fot til utleige.

Dei merkar at stadig fleire rikfolk vel å ta med seg yachtane til Noreg for å feriera.

– Mellom anna hadde me ein av våre båtar som følgebåt til ein yacht i tre veker i sommar, seier han.

Aktiviteten til selskapet er altså spreidd over heile Vestlandskysten, men planen deira var lenge å få bygd ut ein hall i eit industriområde i kommunen, så dei kunne ha sine båtar i vinteropplag for vedlikehald og anna, og leige ut plass til andre som ville ha lagringsplass til båtane sine.

– Og det ville kanskje medført ein arbeidsplass eller to i kommunen. Og om du er litt heimepatriot, er det litt viktig, seier han. Prosessen deira byrja i 2006. – Men i 2013 la me det på is, seier han.

– Det måtte ny reguleringsplan på plass og det var mykje att og fram. Men den ballen er lagt død no, me har ordna oss på anna vis, seier han.

Det betyr at dei no lagrar båtar på Sunnmøre og i Bergen.

– Kva tenker du om prosessen som gjekk føre seg?

– No har eg lagt saka bak meg. Men eg var frustrert då det stod på. Eg seier ikkje at kommunen jobbar i mot deg, men dei har eit system å følga. Og det systemet tek for lang tid, seier han.

LES OGSÅ: undefined

– Treng fleksibilitet

Han meiner det må meir fleksibilitet til.

– Når ein søker byggetillating på eit etablert industriområde, så bør det vera ei 15 minutterssak, ikkje ei eit og eit halvt års sak. Det at dei sit med gamle reguleringsplanar for industriområde og ein må laga den planen på nytt den dagen det kjem nokon er ikkje bra. Då går det år før ein kjem i gang, då er utbyggaren vekke. Då er han ein annan plass, seier han.

Han vil og at kommunen fokuserer meir på andre plassar enn Sløvåg.

– Sløvåg er eit vekstområde som treng fokus, men ein må ikkje gløyma dei andre plassane i kommunen. Folk må ha arbeid, seier han.

I Sløvåg derimot er det mykje arbeid. Faktisk så mykje att butikksjefen der, Åshild Daae Eide slit med å få fatt i nok folk.

– Særleg etter at me gjekk vekk frå søndagsope har det vorte vanskelegare å fått i skuleungdom til helgejobbane. Og så er det mange andre jobbar her i området, peikar ho på.

LES OGSÅ: undefined

– Private initiativ

Dei slit og sidan butikken sine opningstider ikkje korresponderar med barnehagane sine.

Det er travle dagar for dei åtte tilsette. Sidan påsketider har omsettinga vore rekordhøg.

– Særleg fredagar og laurdag er det svært travelt her heilt fram til stengetid, seier ho.

Under Utkantfestivalen var det så mykje folk innom at butikken var på topp tre av alle Bunnpris-butikkane når det kom til omsetting.

– Føler de at kommunen legg ting til rette for dykk?

– Me har ikkje merka så mykje til kommunen. Korkje posi- tivt eller negativt, seier ho.

Bygget dei held til i er eit privat initiativ.

– Det er ikkje noko trykk frå kommunen si side. Me har ikkje noko å klaga på, men det er mest private initiativ, meiner ho.

LES OGSÅ: undefined