Når Nh stikk innom vallokalet i gymsalen på Byrknes skule, får 9. og 10. klassingane undervisning i praktisk veljarhjelp. I dialog med dei som styrer valet denne dagen, får dei svar på det meste - om ekstrastemmer, om stemmesedlar med blindeskrift, og ikkje minst om kor viktig det er å gjera borgarplikta si når ein er gamal nok.

Eit tydeleg signal

– De kan òg stemma blankt dersom de ikkje er fornøgde med nokon av partia. Med ei blank stemme har de markert noko. Skulle det bli fleirtal av blanke stemmer, skjønar politikarane at dei er nødt til å ta skeia i ei anna hand, seier Jan Ove Einebærholm. Han synest det er mykje betre å stemma blankt enn å sitja heime på valdagen.

- Sit ein heime, har ein ikkje lov å klaga i ettertid, seier Wenche Natås.

- Jau, det er ein menneskerett å klaga og vera misfornøgd, meiner Einebærholm.

Interessant innblikk

Dei fire 10. klassingane; Anna Kristina Fonnes Larsen. Ida Kråkenes Bårøy, Idun Margrethe Natås Unneland og Tiril Helene Tvedt Yterøy synest det er interessant å få innblikk i korleis valordninga fungerer. Og dei har ei klar melding til det nye kommunestyret; de må tenka på ungdomen.

Klar melding

- Ta omsyn til oss, og fordela ting utover, og ikkje la alt bli på ein plass, seier dei med tydeleg bodskap om at også ytterkan-tane i kommunen må få sitt.

Jentene er og klare på at dei ønskjer seg inn i ein storkommune, og dei vil høyra til Hordaland.

- Det er langt til Sogn når vi skal gå på vidaregåande, seier dei.