I Gulen er det berre ti prosent av stemme som er talt opp, men der ligg alt til rette for at Hallvard Oppedal held fram som ordførar. Senterpartiet har nemlig fått 37,8 prosent av førehandsrøystene. Det er ein tilbakegang på 3,5 prosent.

Senterpartiet har dei siste åra samarbeida med Høgre. Dei opplever og tilbakegang. Der er resultatet 19,8 prosent, tilbake tre prosent.

– Det er ikkje så verst dette. Om det held stand so er det bra, seier ordførar Hallvard Oppedal til avisa Nordhordland.

Han vil ikkje seia at dei skal samarbeida med Høgre også i komande periode.

– Det får me sjå når me ser resultatet, seier han.

Den store valvinnaren førebels er Arbeidarpartiet som går fram 6,7 prosent til 16,7 prosent.

Saka vert oppdatert