Slik ser det ut når 97 prosent av stemmene til dei 439 stemmeberettiga på Fedje er talde ein time før midnatt.

Arbeiderpartiet får ein tilbakegang på heile 10,6 prosent og risikerer å tapa to plassar i kommunestyret.

– Det vi veit heilt klart er at Høgre og Krf har gjort eit kjempegodt val. Det vil eg gratulera dei med. Så er det litt usikkerheit knytt til mandatfordelinga, der vi kan enda på tre eller fire, seier Kristin Beate Handeland til Avisa Nordhordland i 23-tida mandag kveld. 

Handeland har vore ordførar for Ap i to periodar og må no truleg overlate jobben til Høgre og Stian Herøy.

– Vi skal konstituera kommunestyret den åttande oktober, men eg reknar med det blir fort kjent, kommenterer ho.

– No er det opp til dei å finna sine samarbeidspartnarar, understrekar ho og henviser til Høgre.

Må truleg på jobbjakt

Handeland legg ikkje skjul på at 10,6 prosent er ein voldsom tilbakegang for Ap på Fedje. 

– Ja, visst er det mykje. Eg trur det har samanheng med fleire ting. Eg har styrt i to periodar. Om ein ser historisk på det, så plar ordførarane bli skifta om ikkje kvart fjerde år, så i hvert fall kvart åttande. Så dette var eg veldig godt førebudd på at skulle skje, seier Handeland. 

Fedje-ordføraren har umiddelbart ikkje nokon ny jobb å gå tilbake til.

– Om eg ikkje skal vera ordførar, så må eg finna meg ein annan jobb, seier ho.

Før ordførarperioden jobba ho innan turisme og hadde ei kontorstilling i ei privat bedrift.  Tilsynelatande tar ho valnederlaget med fatning.

– Veit du kva? Dette er demokratiet i praksis. Det er i hvert fall ein ting ein må vera sikker på når ein går inn i eit slikt verv. Det varer i fire år og så er det nytt val, og då veit du aldri kva som skjer, seier Handeland. 

At Ap gjer det godt både i Bergen, Hordaland og på landsbasis er lita trøyst på Fedje.

– Det har tradisjonelt ikkje vore slik her at vi har fulgt dei nasjonale trendane, seier ho.

– Større gjennomslagskraft

Sjølv om det er Krf som går klart mest fram på Fedje, er det Høgre som no blir største parti med fem representantar i kommunestyret. Høgre har no ein oppslutnad på 33,4 prosent, ein framgang på 4,9 prosent.

Stian Herøy er partiets ordførarkandidat.

Han er profesjonell avventande og vil ikkje overta ordførarjobben på direkten.

– Det må vel tida vise, men vi har i alle fall gjort eit godt val, seier Herøy til Avisa Nordhordland. 

– Kva er forklaringa di på at folket på Fedje vil ha skifte?

– Vi håper vi har litt større gjennomslagskraft på det som skal skje i kommunen, svarar han.

– Så er det vel også sånn når ein har sete lenge i posisjon, så vil folk ha ei endring.

– Høgre er største partil og vil vel ha ordføraren?

– Det er jo naturleg at vi ønskjer oss ordføraren, men forhandlinganehar ikkje kome i gang enno, så det er litt tidleg.

– Som ordførarkandidat er du vel klar for ei slik rolle?

– Det hadde vore ei spennande utfordring å fått jobba for Fedje, svarer han knapt.