Øya i vest viser seg frå si vakraste side denne septemberdagen. To ord er nok; pur idyll. Men Edvard Koppen har ikkje latt seg freiste til slaraffenliv i haustsola. Han svergjer til godt gammaldags fysisk arbeid inne i eit mørkt og nedlagt fryseri.

Fleire av sambygdingane har lagt på sprang når vi har tatt fram kameraet. Edvard er derimot ikkje vanskeleg å be når vi forklarer ærendet. At vi vil snakka med innbyggjarane om kva som er viktig ved valet.

– Eg er oppteken av at Fedje skal overleva. At vi har arbeidsplassar og får litt fleire innbyggjarar. Fedje si framtid.

LES OGSÅ: Redd for at bygda skal døy ut.

– Utkant uansett

Dette er på ingen måte nye tema for dei som kjenner det vesle og intime Fedje-samfunnet. Sakene har vore aktuelle i ein mannsalder, minst. Men i år er også debatten om kommunesamanslåing aktuell her ute.

Etter vår vesle rundtur på øya er det ingen som ein gong har vore i nærleiken av å ympta frampå eit tja. Koppen er eit unntak, og kanskje det einaste.

– Eg heller mot for, seier han.

– Kvifor?

– Eg har ikkje fasiten, men eg trur ikkje vi treng å tapa på det. Utkant er vi uansett, men då blir vi utkant i ein storkommune, ein utkant dei ikkje kan hoppa bukk over. Eg skal ikkje seia vi får betre tenestetilbod, men eg har kome til det standpunktet. Om nokon vil ha oss veit eg ikkje!

LES OGSÅ: Dei spring seg nesten i hel.

Bortkasta år i politikken

No er 63-åringen pensjonist og sjølvstendig næringsdrivande. Han tek diverse småoppdrag som snekkar og liknande.

Praktisk arbeid er han godt kvalifisert for etter eit langt arbeidsliv innan industrien ved Fedje Mekaniske. Først var han platearbeidar. Seinare medeigar og dagleg leiar etter at han var med å kjøpa opp bedrifta då RadøyGruppen hadde gått konkurs på midten av 1990-talet.

Med unntak av ein kort periode i Bergen har han vore busett på Fedje. Byliv falt ikkje i smak.

– Det var ikkje det heilt store. Eg er ikkje særelg urban av meg. Bergen kan vera greit ei helg eller tre, men ikkje meir.

– Kva kvalitetar er det med dette samfunnet som gjer at du har blitt buande på Fedje?

– Det finst ikkje ein betre stad å veksa opp og bli gamal. Her er eit unikt tilbod og fantastisk natur, både når det stormar og er stille.

Då er han ikkje like positiv til det politiske livet. Dei 16 åra i kommunestyret for Ap på Fedje karakteriserer Koppen slik:

– Det er dei mest bortkasta åra i mitt liv!

– Det tek forferdeleg mykje tid. Eg har ei dotter i kommunestyret no, og dei må gjennom ei utruleg papirmølle. Det offentlege systemet har blitt for tungrodd. Demokratiet har gått for langt, meiner han.

LES OGSÅ: Ta inn fleire flyktningar.

Positivismen rådar

Koppen peikar likevel på fleire positive utviklingstrekk. Folketalet har gått opp, om enn marginalt. Øya har fått eit mikrobryggeri. Det er snakk om å flytta butikken ned i fryseriet, tett på hamna. Eit bunkringsanlegg for båtar er på gang, og kommunen har gjeve tillatelse til ei flytebryggje.

– Turisme kan vera eit satsingsområde når alt anna vert nedlagt, meiner Koppen.

– Du er optimist?

– Ja, eigentleg. Eg er så gamal at eg ser fram til ein god alderdom. Eg trur Fedje er liv laga.

– 16 år i politikken var bortkasta seier du, men skal du stemme ved valet?

– Ja, det kan du vera sikker på!

LES OGSÅ: Jobbar frå klokkar 06-19 og brenn for bondeyrket.