Dei overvaker all skipstrafikk frå Sognesjøen i nord og ned til Børnestangen sør på Sotra. To operatørar er på vakt gjennom heile døgeret, 365 dagar i året. Hold deg fast - dei største skipa Fedje-stasjonen kontrollerer kan romma Stortinget, Oslo rådhus og Slottet i eit og same skip. Desse kan vera fullasta med olje.

– Vi jobbar for å handheva sjøtrafikkforskriftene, og den lokale forskrifta som høyrer til her. Det gjer vi ved at dei fartøya som er over 24 meter og ønskjer å seila innanfor vårt geografiske område, må ha løyve til det. Då kan vi stille vilkår til det løyvet. Det kan vera at dei må venta eller redusera farten. På den måten regulerer vi trafikken, spesielt i enkelte område kor det er trange farevatn og kor vi har store båtar, forklarer maritim trafikkleiar Kjetil Berg Hansen.

LES OGSÅ: undefined

– Unik utsikt

Skipstrafikksentralen på Fedje har eksistert sidan 1992 og har spelt ei svært viktig rolle for sikkerheita til sjøs.

No er sentralen altså truga av nedlegging. På oppdrag frå samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vurderer Kystverket for tida strukturen til dei fire sentralane vi har av denne typen her til lands. Det er uttalt at ei innstilling skal vera klar 15. september.

På Fedje føler dei maritime trafikkleiarane beligenheita er avgjerande for jobben dei gjer.

– Vi føler det er veldig viktig. Vi har ei unik utsikt, vi ser kva som føregår. Enkelte ting skjer fortare enn vi klarer å sjå det på skjermen, seier Berg Hansen og forklarer korleis dei følgjer alle skip til og frå Mongstad og Sture-terminalen med eigne auge.

– Kva tenkjer du om at politiske myndigheiter vurderer å fjerna denne sentralen?

– Eg tenkjer at det er galskap å vurdera det i heile tatt. Vi sitt jo midt i Nord-Europas største havn, i forhold til tonnasje. Vi har ei unik plassering sånn sett.

– Manglar personane som skal gjera desse vurderingane kompetanse?

– Nei, det er jo inga avgjersle som er teke, så eg kan ikkje seia det. Men det er vel i tida at alt skal målast i pengar, svarar Berg Hansen.

LES OGSÅ: undefined

Tilbake i nytt tårn

Enkelte har hevda at ein reint teknisk kan overvaka kysten kvar hen som helst i landet. Det er ikkje heilt rett, ifølgje trafikkleiaren.

– Det er ikkje berre det vi ser visuelt som er fortrinnet vårt, men vi sit her og har alt som er av reserveutstyr. Det kan ein ikkje betene om ein sit ein anna plass. Om vi mister kommunikasjonslina vår som går på link, og det skjer jo stadig vekk under uver eller lynnedslag, så har vi eit reservekommunikasjonssett som er her på staden. Vi har generator som startar og har dermed straum uansett, forklarer han.

I Berg Hansens 15 år lange karriere på Fedje har stasjonen vorte oppgradert fleire gonger. Den siste pågår akkurat no. Sidan mars har operatørane blitt flytta ned frå tårnet på grunn av oppgraderingar. I nær framtid kan dei flytta oppatt i eit nyoppussa tårn og med tipp-topp utstyr.

– Alt her er nytt og moderne, seier Berg Hansen når han viser oss tårnet.

– Trur du myndigheitene tek til fornuft?

– Ja, eg trur jo det. Eg trur at sikkerheita tel så mykje at dei ikkje tek sjansen på å gjera noko med strukturen.

Trafikksentralen har 14 heiltidsstillingar. I tillegg til dei maritime trafikkleiarane har sentralen ein trafikksentralsjef, ingeniør, ei kontorstilling, vaktmeister og reinhaldspersonale.

Dei andre sentralane Kystverket driv ligg i Horten, Brevik og Kvitsøy. Det finst også ein havovervåkingssentral i Vardø.

Losstasjonen på Fedje har elleve tilsette og går også ei uviss framtid i møte. Her pågår det for tida ein anbudsprosess som vil påvirke kva oppdrag stasjonen får dei nærmaste åra.

LES OGSÅ: undefined