Etter fleire drøftingsmøte har Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet signert samarbeidsavtale for den neste kommunestyreperioden. Det betyr at samarbeidet frå inneverande periode held fram.

Slik det har vore klart sidan valnatta, held Per Lerøy (Ap) fram som ordførar nye fire år. Ny varaordførar vert Anne Dahle Austrheim (KrF) .

- Eg er spent og audmjuk til oppgåva, men trur vi saman skal få til mykje bra for kommunen, seier ho.

Reidar Øksnes (Sp) vert 1. vara for KrF i formannskapet.

- Eg er svært glad for avtalen. No har vi 11 stemmer bak oss og eg kjenner at dette samarbeidet gir eit godt grunnlag for å arbeida hardt for kommunen og innbyggjarane dei neste fire åra, seier ordføraren.

Utfordrande økonomi

Avtalen er i utgangspunktet eit valteknisk samarbeid som sikrar posisjonar, men avtalen innheld og nokre punkt om politisk samarbeid, mellom anna om kommunebudsjetta.

- Vi ser at det er store utfordringar framover, men er einige om å arbeida godt saman for å løysa både økonomiske utfordringar og gje eit godt tenestetilbod til innbyggarane, seier Lerøy.

- Ønsket er å få alle 17 i kommunestyret til å arbeida saman på ein god og konstruktiv måte, seier Dahle Austrheim.

Maktkonsentrasjon

- Eg kan bekrefta at vi ikkje er kontakta av nokon av desse partane, og det var vel for så vidt kjend under handa i løpet av valkampen at det ville bli sånn. Det må ein berre forhalda seg til, seier Jorund Stellberg, Høgre sin ordførarkandidat.

– Det vil visa seg i praksis kva eit konstruktivt samarbeid er. Eg tenkjer at vegen blir til medan vi går, ikkje meir å sei om det, seier Stellberg.

På spørsmål om kva som vert mest utfordrande for dei som opposisjon, seier ho at det er utfordringar rundt maktkonsentrasjon og økonomi.

– Fleire må delta, fleire må bli hørt. Dessutan har vi ei anna formeining om korleis angripa økonomien. Det må styrast, ikkje berre tilgis. Eg vil tru at det framleis vert ei utfordring. Å få styring på økonomien blir kjernepunktet for oss, seier ho.

Jan Erik Espelid (V) er samd i at økonomien vert utfordrande, og er opptatt av at heile kommunestyret vert einige om eit godt budsjett.

- I tillegg vert spørsmålet rundt kommunestruktur spennande. KrF har signalisert at dei kanskje kunne tenka seg å gå i samtalar med Lindås, Radøy og Meland. Det er ei sak som må opp i det nye kommunestyret, seier han.