Arbeidarpartiet har all grunn til å vera nøgd med resultatet etter at førehandsstemmene er talde.

- Wow, dette er då heilt fantastisk, seier andrekandidat Siri Kaland til Avisa Nordhordland.

Ventar med jubelen

Ordførarkandidat Per Lerøy er ikkje klar til å sleppa jubelen laus heilt enno.

- Dette er kun førehandsstemmene, og det har skjedd mykje sidan dei vart putta i urnene, så eg held jubelen tilbake førebels. Men for all del, det er veldig kjekt å få ei slik tilbakemelding. Mange har stått på, og då er det kjekt å få ei slik uttelling, seier han.

Ein stor bonus

Dette er då tendensen over heile landet.

- Ja, eg ser det. Eit sånt resultat vil vera heilt ekstremt, men eg trur ikkje vi kan håpa på at sluttresultatet vert like høgt. Greier vi kopiera våre 38 prosent frå forrige val, skal vi vera godt fornøgd. Alt over vil vera ein stor, stor bonus, seier Lerøy.

Frykta utslag av bråket

Det har vore ein del turbulens i Austrheim-politikken i den seinare tid. Har du vore redd for at det skulle få utslag på valresultatet?

- Ja, eg har vore redd for kven veljarane ville tru på, spesielt i forhold til det som skjedde i mai-juni. Hadde det virka inn på resultatet, ville eg følt meg direkte ansvarleg, seier Lerøy som ser fram til ein svært spennande valkveld.

Per Lerøy har vore ordførar i Austrheim sidan 2011. Dei 20 føregåande åra sat først Ole Lysø (Ap) i åtte år, Rolf Sandstad (KrF) i fire, og så Lysø i nye 8 år.