Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
FNB v/ Morten Klementsen hevdar at eit ja til byvekstavtalen betyr byggjeforbud og avfolking av distrikta. I sitt svarinnlegg (i NH) til mitt innlegg (i NH og Strilen) forsøkjer han å forklara kor dette står omtala i avtalen. Men det er berre det at det står ingenting om byggjeforbud der han henviser til.
Det som står i avtalen er at det skal kunna verta lagt til rette for utbygging utanfor dei regionale vekstsonene for å oppretthalda gode og levande lokalsamfunn. Det betyr og utbygging utover det som er i dag. Altså, vi skal kunna ha utvikling i lokalsamfunna og bygdene.
At hovudveksten likevel skal skje i regionale vekstsoner er ikkje noko hinder for det, eller endring i forhold til korleis det vert planlagt allereie. Så det har ingenting med byvekstavtalen å gjera. I dei lokale planane i Alver så er hovudveksten planlagt i aksen Frekhaug, Flatøy, Knarvik, Alversund uansett kva standpunkt Alver kommune hadde tatt til byvekstavtalen.
I kapittel 5 i byvekstavtalen er det og henvist til intensjonsavtalane som vart inngått mellom kommunar som frå 01.01.20 har slått seg saman. Henvisninga viser konkret til at det i fleire av intensjonsavtalane er vektlagt at heile den nye kommunen skal takast i bruk med levande lokalsamfunn. Så byvekstavtalen er ikkje etablert for å avfolka distrikta.

Søkjer seriøse svar frå Vågstøl
Byvekstavtalen og nullvekst i personbiltrafikken er derimot eit av verktøya for at Norge skal oppfylla sine internasjonale miljøforpliktingar. Tiltaka vil naturlig nok verta sett inn der dei har størst effekt. Det betyr i sentrale strøk som inn mot Bergen.
Og igjen, dersom FNB hadde fått det som dei ville så hadde ikkje dei lokale prosjekta i Nordhordlandspakken vorte gjennomført i overskuelig framtid. Prosjekt som er svært viktige for å oppretthalda og utvikla lokalsamfunn og bygder i Nordhordland. Så FNB må bestemma seg for kva dei eigentlig ønskjer.
Eit anna viktig pkt. i byvekstavtalen omhandlar E39 Vågsbotn – Klauvaneset. Dette er ikkje eit prosjekt i Alver kommune. Men prosjektet er heilt sentralt for kva utvikling vi vil få i både regionsenteret og ute i lokalsamfunna og bygdene våre. I byvekstavtalen er det opna for å kunna prioritera E39, Vågsbotn – Klauvaneset føre E16 Ringveg Aust, Arna – Vågsbotn. I gjeldande NTP (2018 – 2029) ligg det kr 4,5 milliarder til E16 prosjektet. Dersom Alver kommune hadde sagt nei til byvekstavtalen ville det neppe vore interesse i Bergen kommune for å gjera denne omprioriteringa og flytta desse midlane til Vågsbotn – Klauvaneset.

FNB Alver - ein gedigen bløff
Byvekstvtalen er ein politisk avtale mellom staten, kommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Øygarden og Vestland Fylke. Dei lokale partane forpliktar seg til nullvekst i personbiltrafikken i det samla avtaleområdet. Staten på si side bidrar med i overkant av 13 milliarder i perioden 2019 - 2029 for å oppnå dette. Styring og utvikling av avtalen er nøye beskrive i kapittel 8 og 9 i avtalen.
At arealplanlegging er med i byvekstavtalen betyr ikkje at arealpolitikken skal endrast. Men det er både naturleg og avklarande at dette kapittelet er med i denne type avtale. Dersom det ikkje hadde stått noko om arealplanlegging ville det kunna skapt usikkerheit og ikkje minst spekulasjonar rundt framtidig arealplanlegging.
Morten Klementsen hevdar i svarinnlegget til meg (i Strilen) at dei 4 styringspartia i Alver (SP, AP, Krf og H) «ikke helt har forstått hvordan demokratiet er ment å fungere». Altså kanskje i motsetning til FNB som har forstått det? Ja, populismen har gode levevilkår i FNB. Det som kanskje FNB heller bør fokusera på er at i eit demokrati så har vi alle eit ansvar for at mest mogleg av fakta kjem fram i debatten slik at avgjerder vert tatt på eit fullstendig og riktig grunnlag.
Her blir trafikken i Alver målt: No vil målingane bli brukt i byvekstavtalen

Byvekstavtalen gir Alver 320 millionar kroner: Desse prosjekta er aktuelle

No er det avgjort: Alver kommune går inn i byvekstavtalen

No har styringspartia i Alver bestemt seg: Slik har dei sikra fleirtal for byvekstavtalen

FNB Alver med uortodoks annonse: – Vi ønskjer å vekke følelsar
Desse punkta har Alver forhandla seg fram til: – Burde ha vore tydelegare på kva vi har fått til

Slik stiller dei fire styringspartia i Alver seg til byvekstavtalen: – Forstår ikkje kor skepsisen kjem frå

Baste Tveito til BA: – Folk blir rasande når dei viser slike bilder og snakkar mot parkering

Ufint og kritikkverdig av Lars Sponheim: Alver-politikarane fortener ei kollektiv orsaking

Ikkje heilt nøgd etter møtet om Byvekstavtalen: – Pisken er der om ein ikkje går inn i avtalen

Sponheim kallar Alver kommune «uprofesjonell» om dei ikkje vedtar byvekstavtalen
