(BA): Vestlandet blir svært vått onsdag kveld. Det er kanskje vanskeleg å ta innover seg i og med at det blei målt 27,1 varmegrader på Florida i Bergen klokka 12.00.

Hardast ramma blir Hordaland kor farevarselet er sat til oransje nivå. Antatt nedbørsmengde har auka i dei ferskaste prognosane.

Regnet er venta frå 1700 onsdag kveld.

– Vi ventar mellom 40 og 60 mm nedbør på tre timar i Hordaland. Verst blir det i indre strøk, seier vakthavande meteorolog Mette Skjerdal i Vervarslinga på Vestlandet.

Uvêret vil slå til med full styrke seint onsdag kveld og herje utover natta. På grunn av dette åtvarar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om jord- og flaumskredfare. Det er også meldt lyn og torevêr.

– Styr unna bratte skrentar

– Mykje nedbør vil falle på kort tid. Det blir ganske intenst, seier Skjerdal.

Flaumvarselet er sat til gult nivå, mens faren for jordskred er oransje.

– Kva bør hordalendingane vere obs på?

– Det kan vere fare for overvann som kan føre til blant anna vanskelege køyreforhold og kortvarig stenge vegar. I tillegg bør man ikkje opphalde seg i bratte fjellsider grunna skredfare. Elver kan også finne nye løp som følge av mykje nedbør, seier Skjerdal.

Temperaturane vil falle når uvêret treff fylket. Vinden let vente på seg.

– Det kan komme nokon vindkast med dei kraftige byene, men det er ikkje forventa mykje vind verken i indre eller ytre strøk, fortel Skjerdal.

BA fortel også at naudetatane slår fast at beredskapen er høgna.