Jobbar lange dagar

Knekt mast: Ingve Hovland og Rune Feste inspiserer den eine av to knekte master på Bjørndal. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

Knekt mast: Ingve Hovland og Rune Feste inspiserer den eine av to knekte master på Bjørndal. FOTO: Sigrun Haugsdal Reknes

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS: Folk på Bjørndal fekk att straumen natt til tirsdag, då ved hjelp av eit dieselaggregat.

DEL

– Aggregatet vil verte ståande til vi har fått orden på linjene her ute, seier Ingve Hovland, energimontør i BKK.
 

– Her vil vi nok halda på ut veka før vi får kontroll.
Han og kollega Rune Feste har arbeidd mykje dei siste dagane.
 

– Vi har hatt nok å gjera, fortel dei.

LES OGSÅ: – Me har ikkje lidd noko naud

Tungt arbeid

– Det er mykje trakking rundt i skogen, og det vert ein del bæring på tre som har falle ned, seier Hovland. Han kan fortelja at nokre av trea dei arbeider med kan vera opp til 40 meter høge.
 

– Vi har fjerna ein god del tre frå linjene, og det er ikkje alltid at linja vert øydelagt. Men slik som her ute på Bjørndal er det gamle og tynne linjer. Her har dei slite rett av, seier Feste.
 

To master er knekte beint av, og dei har ikkje håp om å verta ferdige her før veka er omme.

LES OGSÅ: Forsikringsselskapa melder om stor pågang

Givande å sjå lysa

Dei to fortel at det til dels har vore vanskelege arbeidsforhold.
 

– Det er mykje mørkt no på vinteren. Og med sterk vind, regn og hagl i tillegg til sleipt og glatt underlag, så er det klart det kan vera krevjande, seier Ingve. Likevel er dei godt nøgde med å ha den jobben dei har.
 

– Det er givande å sjå at lysa kjem på att, smiler Ingve.
 

– Og så vert folk veldig glade. Veldig mange kjem og takkar oss, og vi har ikkje møtt på nokon som har noko vondt å seia.
 

– Nokre synest visst meir synd i oss som går ute, enn på seg sjølve som har vore lenge utan straum, legg Feste til.

LES OGSÅ: – Klar for evakuering

Lange dagar

– Det vert nok ein lang dag i dag og, trur Hovland og Feste. Dei tek seg tid til litt lunsj, før ferda går oppover lia, mot dei knekte mastene.
 

– Her har det vore sterke krefter i sving, meiner Feste, og peikar opp mot skogen som ligg rett ovanfor masta. Der ligg det rotvelta tre. Masta er støypt, men er likevel knekt beint av.
 

– Eit så svært grantre som kjem kastande hadde nok øydelagt det meste, seier Feste.
 

Linjene ligg strødd rundt om, allereie sikra i begge endar.

Døgnville

– Vi er nok litt døgnville, seier Feste, og lurar samtidig på kva dag det er i dag.
 

– Det vart tidleg start på veka, så alt kjennes litt forskjøve.
 

Heldigvis er ikkje dei tilsette på BKK arbeidssky.
 

– Det har ikkje vore noko problem å få folk til å jobba, folk står på heile tida, seier Ingve.

LES OGSÅ: Snart er dei vasslause på Fedje

Artikkeltags