Sjukeheimen i Meland var utan straum i eit døgn

STRAUMLAUS I EIT DØGN: Meland sjukehein mista straumen i eit døgn, og hadde ingen back up-løysingar tilgjengelig, då uvêret «Nina» herja med oss sist helg. arkivfoto: Morten Sæle

STRAUMLAUS I EIT DØGN: Meland sjukehein mista straumen i eit døgn, og hadde ingen back up-løysingar tilgjengelig, då uvêret «Nina» herja med oss sist helg. arkivfoto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

På grunn av dårleg økonomi har ikkje Meland kommune prioritert å sikra naudstraum til sjukeheimen sin. I helga var dei utan straum i nesten eit døgn.

DEL

– Det handlar om pengar– Det har rett og slett vore eit økonomisk spørsmål, seier rådmann Ingvild Hjelmtveit om kvifor Meland kommune aldri har kjøpt inn aggregat som kan sikra straumforsyninga til kommunen sin einaste sjukeheim, om uvêr tek hovudforsyninga.
 

I helga var dei utan straum i meir enn 24 timar. Fyrst frå i 17-tida laurdag til 15-tida søndag. Så frå 17 søndag til 20-tida same dag. Det førte til at dei tilsette måtte bruka hovudlykter og lommelykter for å klara å utføra jobben sin.

LES OGSÅ: Austrheim-ordføraren meiner samfunnet ikkje er godt nok sikra

– Forsvarleg behandling

– Medisinsk fagleg var det ingen problem, seier Hjelmtveit.
 

Ho seier det var ingen som leid nokon naud, og det var ingen som var avhengige av elektronikk for å halda dei i live. Dei to som hadde behov for oksygen, klarte dei å hjelpa.
 

– Men då var me heldige. Me veit ikkje kor lenge me kan basera oss på flaks, innrømmer ho.
 

Men ho innser no at dei må ta høgde for at det vert meir regn og uvêr i framtida.
 

– Eg som rådmenn er ikkje lagleg med situasjonen. Men eg kan ikkje hugsa at straumen har vore vekke så lenge nokon gong før, seier ho.
 

– Men fram til no har det gått på eit vis, legg ho til.
 

– Men går det an å driva på slik i lengda?
 

– Så lenge me var inne på ROBEK-lista, måtte me gå for dei billigaste løysingane. For då var det avgrensa kva me kunne ta låneopptak til, peikar ho på.

LES OGSÅ: BKK: – Me har retningslinjer å følga

Sjukare pasientar

Meland var inne på den lista frå 2001 til i desse dagar. Alt som ikkje vart rekna som hundre prosent naudsynt, fekk dei blankt nei til.
 

– Men for framtida må me pårekna at dei pasientane me skal ta oss av, vert sjukare. Spørsmålet er då om løysinga me har i dag er sikker nok, seier ho.
 

Rådmannen var sjølv nede på sjukeheimen då den var mørklagd, for å koordinera innsatsen.
 

– Det skulle berre mangla. Eg hadde oppsyn med at dei naudsynte avgjerdene vart tatt og at situasjonen var under kontroll, seier ho.
 

– Det var mest moralsk støtte eg kunne gje elles, seier ho.

LES OGSÅ: Jobbar lange dagar

– Kommunen har eit ansvar

Hjelmtveit skryt av innsatsen som dei tilsette på sjukeheimen gjorde.
 

– Dei som jobba der gjorde ein kjempeinnsats. Dei var veldig sporty, seier ho.
 

No er kommunen byrja på utredningsjobben med å finna ut kva aggregat dei treng.
 

– Når me har eit konkret forslag vil me legga den fram til politisk avgjerd, seier ho.
 

– Er tryggleiken på sjukeheimen god nok?
 

– Per i dag er den så god som me klarar å gjera den. Kva som er godt nok er ei vurderingssak, men eg føler me har kontroll på situasjonen, seier ho.
 

Seksjonssjef i NVE, Arthur Gjengstø, peikar på at ei straumforsyning aldri kan verta 100 prosent.
 

– Ein må gjera eigne vurderingar. Her har og kommunar eit eige ansvar, peikar han på.

Det har ikkje lukkast avisa Nordhordland å få ein kommentar frå leiaren ved Meland sjukeheim, Randi Rotevatn Minde.

LES OGSÅ: – Det er rein luksus å vera her

Artikkeltags