Austrheim-ordføraren meiner samfunnet ikkje er godt nok sikra

TRAVELT: Trefall førte til at straumen var vekke for folk ved Kalandsjøen var straumlause i fire dagar etter uvêrets herjingar sist helg. Medan BKK på si side ikkje vil laga breiare krafttrasear, seier SKL til avisa Sunnhordland at dei vil ha mykje breiare kraftgater. ARKIVFOTO: Yngve Garen Svardal

TRAVELT: Trefall førte til at straumen var vekke for folk ved Kalandsjøen var straumlause i fire dagar etter uvêrets herjingar sist helg. Medan BKK på si side ikkje vil laga breiare krafttrasear, seier SKL til avisa Sunnhordland at dei vil ha mykje breiare kraftgater. ARKIVFOTO: Yngve Garen Svardal

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Austrheim-ordførar er ikkje nøgd med tryggleiken langs kraftlinjene våre. NVE trugar med store økonomiske konsekvensar for BKK etter mannevonde «Nina»s herjingar.

DEL

– Me må tenka grundig gjennom korleis me innreiar samfunnet i forhold til naturkreftene rundt oss, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: BKK: – Me har retningslinjer å følga

– Ikkje akseptabelt

Han er svært imponert over jobben montørane til BKK har gjort for å få på plass kraftnettet etter uvêret herja med oss, men er svært lite nøgd med måten BKK har forma ut traseane linjene går langs.
 

– Traseane er ikkje breie nok. Det kan me ikkje akseptera, seier han.
 

– Slik det er i dag, er det ikkje robust nok, peikar han på. Han er ikkje nøgd med at så fort det bles ned eit tre, så ryk straumen vår.
 

Like før jul fekk Austrheim, Radøy og Fedje kommunar ein halv million kroner i skjønsmidlar frå Fylkesmannen for å sjå på korleis ein kan gjera samfunnet vårt tryggare. Mellom anna skal dei jobba med å kartlegga sårbare kraftlinjer, for å hindra at dei vert øydelagde av rotvelt. Det same når det gjeld telekommunikasjon og vegar.
 

– Grunnen til dette initiativet er at me såg kor sårbar infrastrukturen vår er knytt til slike hendingar, seier han.
 

Under uvêret «Nina» var så mange som 5700 husstandar i Lindås åleine råka av straumbrot i kortare eller lengre tid.

LES OGSÅ: – Handlar om pengar

– Samfunnet er ikkje robust nok

– Me må tenka meir grundig gjennom korleis me innreiar samfunnet i forhold til naturkreftene rundt oss. Samfunnet er ikkje robust nok og det må takast grep, seier Lerøy.
 

Kommunane fekk pengane på konto rett før jul. Fyrste tida skal gå med til kartlegging, før dei skal legga ein plan om korleis dei skal sikra infrastrukturen betre.
 

Arthur Gjengstø er seksjonssjef for Beredskapsseksjonen i NVE, han seier dei har ei aukande merksemd rundt dette med til dømes traseane som kraftlinjene går gjennom.

– Me har skjerpa regelverket når det kjem til beredskapsforskriftene, seier han.
 

Per i dag så skal minsteavstanden frå kraftlina til det yttarste skogpunktet vera tre meter.
 

– Nettlevrandørane skal gjera systematiske risikovurderingar i høve til forsyningstryggleiken, peikar han på.

LES OGSÅ: – Det er rein luksus å vera her

Vankar straff
 

Og leverer dei ikkje straumen dei er pålagt å levera, vankar det straff.
 

– Då får nettselskapa nedtrekk i inntektsrammene, seier han.
 

I praksis betyr det mindre pengar inn til BKK og andre nettlevrandørar. Kor mykje det er snakk om etter «Nina» sine herjingar er ikkje kjent enno.

Men etter «Dagmar» fekk norske nettselskap millionsummar i nedtrekk. I åra frå 2007 til 2013 har og norske kraftselskap betalt tilbake heile 139 millionar kroner til kundar som har vore straumlause meir enn 12 timar, BKK åleine har betalt ut 7,3 millionar kroner.
 

– Grunnen til at me har dette er at det skal vera gode økonomiske insentiv for kraftselskapa å jobba med å halda traseane rydda, seier han.
 

For Gjengstø er seier dei har sett eit aukande behov for kraftselskapa til å verta flinkare å jobba systematisk og risikobasert.
 

Etter «Dagmar» sine herjingar, var det mange nettselskap som søkte om å få sleppa å betala. Då fekk dei blankt avslag frå NVE.
 

– Nettselskapa skal vita at ei vert straffa økonomisk når dei ikkje leverer straum, peikar han på.

LES OGSÅ: Jobbar lange dagar

Artikkeltags