– Det er rein luksus å vera her

– FORANDRING FRYDER: Marta Bogstein hadde eigentleg ingen planar om å reisa til Knarvik sjukeheim, men fant ut at det ikkje var så gale likevel. Sjukepleiar Therese Jørgensen tok ho godt i mot.

– FORANDRING FRYDER: Marta Bogstein hadde eigentleg ingen planar om å reisa til Knarvik sjukeheim, men fant ut at det ikkje var så gale likevel. Sjukepleiar Therese Jørgensen tok ho godt i mot.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Marta Bogstein var ein av dei som søkte ly på Knarvik sjukeheim i helga. – Eg har det fint her, seier ho.

DEL

Eldre evakuerte til sjukeheimen:Uvêret Nina herja så forrykande i helga, at det måndag kveld framleis var mange utan straum.


Lindås kommune sette kriseberedskap på søndag, og vedtok å opna Knarvik sjukeheim for straumlause.

LES OGSÅ: Så mykje blas det i helga 

Overtalt av heimesjukepleien

Ein av dei som nytta seg av tilbodet om overnatting på sjukeheimen, var Marta Bogstein, som bur på Vikanes.
 

– Eg er vane med å tola ein trykk, og er eit skikkeleg stabeis, så eg hadde eigentleg ikkje tenkt meg hit, men heimesjukepleia overtalte meg til at det kanskje var det beste, seier ho.
 

På Knarvik sjukeheim fekk ho ein varm seng å sova i og god mat, og no innrømmer ho at det slettes ikkje var så dumt likevel.
 

– Det er jo rein luksus å vera her! Forandring fryder, så eg koser meg veldig når eg no først er her.
 

Marta veit ikkje kor lenge ho kjem til å verta på sjukeheimen, men saknar eigentleg ikkje huset sitt.
 

– Her får eg jo så god behandling, at eg skal ikkje klaga, seier ho.

LES OGSÅ: To skular opnar på tysdag

– Ferie for ein dag

Også ekteparet Dagny Koi (91) og Johannes Magnus Koi (89) søkte ly på sjukeheimen.
 

– Då eg vakna på søndag var det heilt svart, og eg famla meg fram i huset. Vi klarte å varma mat over peisen, men synest det var flott at heimesjukepleia køyrde oss hit.
 

Dei to synest behandlinga er heilt topp, men er heimekjære, og gleder seg til å koma heim igjen.
 

– Dette er som å vera på ferie for ein dag, smiler Johannes Magnus, men legg til at borte er bra, men heime best.
 

– Eg gler meg til å koma heim til karbonadekjøt, seier han.

Sjukepleiar Therese Jørgensen, som jobbar på rehabiliteringsavdelinga på sjukeheimen, hadde vakt i heile helga.

LES OGSÅ: 1677 manglar framleis straum i Nordhordland

Nødaggregat
 

– Heldigvis har vi eit nødaggeregat som fungerte veldig bra, så vi hadde heldigvis straum heile helga, seier ho.
 

Jørgensen fortel at heimesjukepleia begynte å ringa søndag ettermiddag fordi dei var uroa for fleire av sine brukarar.
 

– Mange eldre sat heime og fraus, og hadde behov for hjelp, difor måtte fleire evakuerast.
 

Vanlegvis er alle rom opptatt på sjukeheimen, men akkurat i helga hadde dei til saman fem ledige rom, og hadde difor moglegheit til å tilby ein seng å sova i.
 

– Det var berre flaks at vi hadde så mange rom ledig. Til saman åtte personar nytta seg av tilbodet, og vi har tatt vare på dei så godt vi kunne, seier sjukepleiaren.

LES OGSÅ: Takler strømbruddet med et smil

Pårørande kom også

Jørgensen fortel at også dei pårørande har komme innom.
 

– I staden for å sitte heime og fryse, kom dei hit for å lada telefonar, få seg ein kopp varm kaffi og besøka dei som bur her.
 

Jørgensen synest samarbeidet mellom Knarvik sjukeheim og heimesjukepleia har vore veldig god.
 

– Vi har klart å hjelpa kvarandre godt i ein slik akutt situasjon. Det er fint å sjå at ting fungerer bra når det verkeleg gjeld, seier ho.

LES OGSÅ: Fekk tilbygget smadra på 40-årsdagen

Artikkeltags