Skapte stor stemning og høg sjarmfaktor i «saloon-teltet»

Amerikanske jazzperler på strilemål sette ei super ramme rundt opninga av The Plain Saloon på årets utvandringsfestival på Sletta. Også familiebandet til ordførar Ben frå Fergus Falls sjarmerte publikum i stor stil i det nye kafételtet i prærielandsbyen.