Strilane reiste til tante i Bergen – sogningane til ein onkel i Amerika

Utvandringa frå strilelandet kom relativt seint i gang, men kontakten over Atlanteren var den aller beste under utvandringsfestivalen på Sletta i helga. Ordføraren i Nordhordland sin søsterby-region, Fergus Falls, stilte med sitt eige familieband og fann tonen både med strilane og ordførarane i dei tre Alver-kommunane.