(BA): Som følge koronapandemien er Bergen tingrett og Gulating lagmannsrett stengt for vanleg drift til over påske. Mange som ventar på rettssak blir gåande i uvisse.

BA har snakka med ein mannleg innsett (35) i Bergen fengsel. Han har snart sete åtte måneder i varetekt for narkotikakriminalitet.

No sit han på avdeling B saman med fem andre innsette. Korona-situasjonen har gjort opphaldet verre, fortel han.

Åleine på cella

– Vi er på ein måte innestengt med ein familie vi ikkje har valt sjølv. Det er klart det er vanskeleg, seier han.

På grunn av smittevernomsyn er det slutt på alt av fellesaktivitetar, trening og skule.

– Mesteparten av døgnet tilbringer eg inne på cella for meg sjøl. Står opp til ingenting. Folk ligg og søv heile dagen. Det er ikkje sunt i det heile tatt. Det blir lett konfrontasjonar og knuffing når vi går sånn oppå kvarandre, seier 35-åringen.

Brot på rutinane merkast, og går hardt utover psyken.

– Det er veldig mange frustrerte sjeler her inne, legg han til.

No håpar rettssaka han ventar på skal gå som normalt i Bergen tingrett i slutten av månaden.

– Sidan det er ei fristsak har eg tru på at den kjem opp. Eg vil vite kva eg har i vente, seier han.

Stor skade

Advokat Jan Christian Kvanvik forsvarte ein barnefar (36) som i Bergen tingrett blei dømd til seks års fengsel for familievald og overgrep.

Mannen anka dommen, og i januar starta ankesaken opp i Gulating lagmannsrett. På grunn av sjukdom, blei saka stoppa og utsett til mai.

Nyleg fekk partane eit brev frå lagmannsretten der det står at saka kan bli utsett. Dersom det skjer, kjem saka truleg ikkje opp før over sommaren.

– For ein innsett er det å ikkje vite, det verste som kan skje.

Mannen blei varetektsfengsla i august 2018, og risikerer då å måtte sitte to år i varetekt.

– Det kan vi ikkje la skje. Blir ankesaka utsett, forventar vi at han blir lauslaten, seier Kvanvik.

Han viser til at utsette rettssaker får konsekvensar for mange, ikkje minst også forsvararar som ikkje anar om dei skal førebu seg til saker.

Skeptisk til videodømming

Å gjennomføre denne type saker over videolink, for å få dei unna, synest han ikkje er ei god løysing.

– Straffeprosessloven legg opp til at ein skal vere tilstades, eit viktig prinsipp som vi bør vere svært varsomme med å gå vekk frå.

Advokat Ivar Abrahamsen er bistandsadvokat i samme sak. Han har sidan korona-utbrotet fått avlyst til saman fire rettssaker.

– Dette blir sjølvsagt opplevd tungt for klientane, seier Abrahamsen.

Han håper retten no, istadenfor å utsette saker, kan vurdere å gjennomføre fleire hovudforhandlingar slik den nye forskrifta opnar for.

Startar opp over påske

– Vi startar opp med avgrensa drift etter påske, stadfestar sorenskrivar Arne Henriksen i Bergen tingrett.

Tingretten har plukka ut nokre salar på tinghuset kor det lar seg gjere å gjennomføre hovudforhandlingar og samtidig oppfylle anbefalinga frå helsemyndigheitene om to meters avstand.

– Vidare jobbar vi med å leige lokaler utanfor tinghuset som er store nok til å gjennomføre meddomsrettssaker. I ein del saker vil det bli brukt fjernmøteteknologi i ulike kombinasjonar med éin, eventuelt fleire, aktørar og partar på videolink.

Artikkelen held fram under bildet

Ved oppstart vil såkalla fristsaker bli prioritert, det vil seie saker der sikta er under 18 år eller sit varetektsfengsla.

Varetektsfengslingar har siden korona-utbrotet blitt behandla ved at sikta møter via videolink frå fengselet.

Digitale rettssaker

Regjeringen vedtok 27. mars en midlertidig forskrift som gjør det mulig å gjennomføre langt flere rettssaker under koronapandemien, for eksempel via video.

Både Sør-Trøndelag, Fosen tingrett og Stavanger tingrett er i gang med både enedommersaker og meddomssaker avviklet via video. Det samme gjelder sivile saker og saker som omhandler foreldreansvar.

Forskriften utfyller, supplerer og fraviker blant annet domstolloven, straffeprosessloven og tvisteloven, i hovedtrekk ved at den:

  • Utvider adgangen til å holde fjernmøter og gjennomføre fjernavhør i domstolene.
  • Utvider adgangen til skriftlig behandling av straffesaker og straffeprosessuelle tvangsmidler i domstolene. Tilrettelegger for fleksible løsninger for signering av dokumenter, herunder avgjørelser i domstolene og påtaleunnlatelser i politiet og påtalemyndigheten.
  • Tilrettelegger for fleksible løsninger for avsigelse av rettslige avgjørelser mv.
  • Tilrettelegger for at utleveringsbegjæringer kan fremsettes ved bruk av elektronisk kommunikasjonsmiddel.

Kilde: www.domstol.no