Gå til sidens hovedinnhold

Utset opninga av avdeling i barnehagen

Medan den eine avdelinga opnar, blir den andre avdelinga i Juvikstølen barnehage halde stengt til neste veke.

Måndag føremiddag meldte Alver kommune at to personar i Juvikstølen barnehage er nærkontaktar til ein som har fått påvist koronaviruset. To avdelingar i barnehagen vart dermed stengde.

Onsdag 28. opnar den eine avdelinga opp att som planlagd, medan den andre avdelinga blir halde stengd til og med måndag 3. mai.

Det melder Alver kommune i ei pressemelding tysdag føremiddag.

Positivt prøvesvar

Medan barn og tilsette i barnehagen var i ventekarantene måndag og tysdag denne veka, har kommunen venta på prøvesvar for dei to nærkontaktane. Den eine prøven viste seg å vere positiv.

– Barn og tilsette på avdelinga Filosofen er no nærkontaktar til ein som har fått påvist smitte, og må halde seg heime og vere i karantene til og med måndag i neste veke, seier styrar i Juvikstølen barnehage, Christine Teigland.

Foreldre og tilsette har fått oppdatert informasjon om situasjonen.

Les også

Må avlyse fotballcupen nok ein gong

Les også

Ingen nasjonale lettar før 17. mai

Kommentarer til denne saken