Utset markering av opninga av innbyggjarservice

– Etter råd frå Folkehelseinstituttet om å avlyse større arrangement, utset vi opningsfesten av innbyggjarservice fredag 13. mars.

DEL

Det skriver Alver kommune på sin eiga heimeside.

– Vi utset markeringa, men sjølve innbyggjarservice opnar på Knarvik Senter som planlagt. Frå måndag 16. mars er innbyggjarservice ope frå klokka 08.30-15.00.

Innbyggjarservice blir å finne i andreetasje i promenaden, med Cubus som næraste nabo.

Planane for kontoret inkluderer fleire møterom, ein sofaseksjon for venting, ein stor resepsjon med PC-stasjon publikum kan bruke, i tillegg til at sentralbordet til Alver kommune skal halde til her.

– Vi vil vere tett på innbyggjarane, og møte dei der dei er. Mange av dei som bur i kommunen vår har eit ærend i Knarvik i løpet av ei veke, og difor ville vi etablere ein møtestad akkurat her, fortel rådmann Ørjan Raknes Forthun i den same skrivet.

Artikkeltags