(BA:) Vågenes Eiendom AS, heileigd av Bjørn Kåre Vågenes, kjøpte nyleg Formanns veg 29A i Sandviken i Bergen, for 70 millionar kroner frå stiftelsen Bergen Næringsråd's Understøttelses Kasse.

– Vi er kjempenøgde. Understøttelseskassen skal drive med hjelp til trengande. Det får vi heilt andre moglegheiter til med desse midla på konto, seier styremedlem Tor Fredrik Müller til BA.

Då eigedommen vart lagt ut for sal, vart han sitert i Estate på at dei håpa på «ein fornuftig pris på cirka 100 millionar kroner». Den endelege summen vart altså 30 millionar kroner mindre.

– Det er ein fantastisk flott eigedom, men han er verneverdig, så ein får ikkje gjort så mykje med han. Det var eit par interessentar med hjarte for bygget som vil kjøpe det. Vi fekk ikkje det vi drøymde om, men det som nok var realistisk, erkjenner Müller.

Vågenes eig frå før ei rekkje eigedomar blant anna i Bergen, der han driv utleige. Han er også eigar av campingplassen Radøytunet.

Ingen trengande

Understøttelseskassen vart etablert i 1847. Vedtektene er i dag, som den gong, å yte hjelp til «verdige trengande».

– Formanns veg 29A tente ikkje lenger formålet om å gi eldre trengande medlemmer bustad, forklarer Elin Therese Paulsen, økonomi- og administrasjonsleiar i Bergen Næringsråd.

Bygget vart opna i 1925 som «Bergens Haandværks- og Industriforenings Aldershjem», og restaurert i 1975.

I dag er det 36 leilegheiter i bygget, som dei siste åra har vore legid ut til marknadspris, då næringsrådet ikkje har hatt medlemmar med behov for ei leilegheit på sine eldre dagar.

– Vi hadde ein brei og god offentleg salsprosess. Det var god interesse både nasjonalt og lokalt, fortel Lars Erik Wirsching, dagleg leder i WPS Næringsmegling, som tok seg av salet.

Framleis utleige

Den nye eigaren, Bjørn Kåre Vågenes, har sidan den spede starten med éi leilegheit i 1992 bygd seg opp til å bli ein av dei største eigedomsaktørane i Bergen. Hovudfokus er utleige.

– Bygget er kjøpt med utleige som formål, slik som i dag, seier Vågenes.

Den mediesky 51-åringen fortel at selskapet hans er på jakt etter fleire eigedommar som er tilrettelagt for tilsvarande utleige.

– Dette er ein staseleg eigedom, med lang historie med sosialt tilsnitt. Det vil framleis vere ein god plass å bu for dei som treng stabile leigeforhold over lang tid, eller har ønske om ein viss grad av tilrettelegging eller oppfølging.