Nh-journalistane Irene og Julie drar til Utkant: – Tips oss om Utkant!

Julie og Irene gler seg til Utkant, og håpar på å helse på mange glade nordhordlendingar og gulingar!

Julie og Irene gler seg til Utkant, og håpar på å helse på mange glade nordhordlendingar og gulingar! Foto:

Av

Torsdag dreg journalistane våre Julie og Irene til Utkant, og dei vil gjerne møte deg!

DEL

Torsdag brakar årets kanskje største hending i regionen vår laus, og vi gler oss stort til folkefesten. Vi håpar på å sjå så mange der som mogleg, i det vi høyrer at festivalen i år kan sette rekord i talet besøkande.

Ei av årsakene til dette kan tenkjast å vere vêret, som verkeleg er på Utkant-arrangørane si side i år. Vi håpar derfor på bra vêr, god musikk og like herleg festivalstemning i Skjerjehamn som alltid.

Vi ønsker derfor å høyre frå deg dersom du veit om noko der vi burde få med oss, anten det er noko som skjer, nokon vi burde møte, eller noko heilt anna.

Ta gjerne kontakt på Facebook, telefon (Julie: 984 36 377) eller på Instagram der vi heiter @nordhordland.

I mellomtida, medan du ventar på årets festival, kan du sjekke ut nokre av våre Utkant-saker frå i fjor!

Artikkeltags