Gå til sidens hovedinnhold

Timbuktu er klar for Utkantfestivalen

Artikkelen er over 3 år gammel

– Det å få på plass Timbuktu til sommaren er jo ikkje mindre mindre enn helt Konge! Det måtte jo ordne seg til slutt, seier Viggo Randal som har hatt svensken på ønskelista i fleire år.

Den svenske rapstjerna Timbuktu har fått æra av å opna årets Utkantfestival, torsdag 26. juli.

Timbuktu har vore aktiv sidan han slapp sitt fyrste album i 2000 og fekk sitt store gjennombrot i 2004 med hiten Alla vill til himmlen, men ingen vil dö. Sidan då har han hatt fleire store hits i Noreg og Sverige.

Hans siste album kom heilt tilbake i 2014, men sidan det har han mellom anna skrive ei bok om det å veksa opp som farga i Sverige. No skal han altså bruka sommaren på å spela litt festivalar.

Les også

Kjærleiken lokka Utkantsjefen til Finnmark. No skal han drifta verdas nest nordlegaste fyr

– Musikken til Timbuktu er god-stemning frå ende til annan og passar perfekt inn på Utkant, seier Randal.

Amanda Delara, OGRAS og vinnaren av årets Vestlandssatsing I am K er og nye namn på plakaten for årets festival.

– Amanda Delara er av mange utropt til Norges mest spennande nye artist. Ho var faktisk den aller første bookinga vi hadde klar til årets program, fortel Randal.

Les også

Halie er tippa å verta det neste store stjerneskotet – Til sommaren skal ho opptre på Utkant

Kommentarer til denne saken