Utkant endeleg klar med ny artist – Gjer deg klar for psykedelisk rock frå USA

White Denim er klare for Utkantfestivalen.

White Denim er klare for Utkantfestivalen. Foto:

DEL

Det amerikanske indie bandet White Denim kjem til Utkant i sommar.

Det Austin-baserte bandet har gjeve ut heile ni album. Dei har tidlegare turnert med Wilco og skal i sommar spela med Noel Gallaghers High flying birds.

Det eklektiske rockebandet med – vokalist og gitarist James Petralli i front – er kjende for å vere eit bra liveband. Sjangermessig drar White Denim inspirasjon frå klassisk rock så vel som psykedelisk rock, jazz og soul.

I 2011 kåra VG albumet D til årets åttande beste album.

«Skikkeleg tøff, gitardreven gitarrock ber i seg element av sørstatsrock, sumpete garasjerock, psykedelia, prog og rootsy blues samt ein spennande kombinasjon av stram struktur og improvisasjonsvilje.», skreiv Østlendingen då dei melde albumet Corsicana Lemonade for nokre år sidan.

Bandet – som i slutten av mars gav ut sitt niande album «Side Effects» – har ikkje vore innom Noreg sidan 2014.

Utkantfestivalen har klart å få amerikanarane til Noreg i samarbeid med Fres festivalen. Begge festivalane finn stad 25.–27. juli

Dei to festivalane har i ei årsreke jobba saman for å sikre kvalitetsmusikk til eit svoltent publikum i Sogn og Fjordane.

– Kvar festival har sitt eige særpreg og sitt kjernepublikum. Det er mange utfordringar ein møter når ein arrangerer festival på små plassar, det blir berre vanskelegare om ein skal stikke kjeppar i hjula til kvarandre, seier Per Christian Grov frå Fres Festival i ei pressemelding.

Me ser ikkje på kvarandre som konkurrentar, sjølv om me arrangerer festival i same fylke, same helga» seier Viggo Randal, festivalsjef hjå Utkant.

Utkant har hittil stadfesta Sondre Justad, Bjørn Eidsvåg. Dagny og ISÁK.


Artikkeltags