Nesten 4000 var innom Utkant på opningsdagen

MYKJE FOLK: Alt frå tidleg på kvelden var det bra med folk på Utkant, det var tydlege at Hellbillies var populære i Skjerjehamn.

MYKJE FOLK: Alt frå tidleg på kvelden var det bra med folk på Utkant, det var tydlege at Hellbillies var populære i Skjerjehamn. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Hellbillies drog dei store massane til Skjerjehamn, men rekord vart det ikkje.

DEL

Torsdag var fyrste dag for Utkant 2017 og med namn som Hellbillies, Sigrid og Kjartan Lauritzen på plakaten var det venta at det kom mykje folk.

Ei tid håpte dei på ny torsdagsrekord for festivalen og med onsdagen før festivalen som den dagen gjennom Utkant si historie med best billettsal låg det godt an til det. Men det vart berre nesten.

– Det kom nesten 4000 publikumarar torsdag, seier Njål Hansen Wilberg til avisa Nordhordland.

Dermed enda dei rett bak rekorden frå 2014.

– Me forventar omtrent like mange besøkande fredag, medan det nok vert enno fleire på plass på laurdag, seier Hansen.

Han legg til at det viktigaste for dei er at det ikkje har vore nokre alvorlege hendingar.

– Publikum har vore heilt eksemplariske og nattevaktene melder at dette har vore den rolegaste kvelden på mange år. Det gjere godt, seier han.

På fredag er det mellom anna Stein Torleif Bjella og Onkl P og de fjerne slektningene som er dei store trekkplastera.

Artikkeltags