Spellemannsvinnar klar for Utkant

KJEM TIL SKJERJEHAM: Spellemannsprisvinnar Frida Ånnevik er klar for Utkantfestivalen.

KJEM TIL SKJERJEHAM: Spellemannsprisvinnar Frida Ånnevik er klar for Utkantfestivalen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

To gonger Spellemannsprisvinnar og kritikaryndling Frida Ånnevik er klar for utkantfestivalen.

DEL

Laurdag 29. juli står ho på scena i Skjerjehamn.

Debutalbumet Synlege hjerteslag kom i 2010 og fekk 10 av 10 på NRK P1-programmet Norsk på norsk.

Festivalsjef Viggo Randal har sjølv sett Frida live fleire gonger og seier han gler seg til å få dela ho med Utkant-publikummet.

– Personleg er eg utruleg svak for både tekstane og melodiane hennar. Ho har og ei heilt unik formidlingsevne mellom låtane, seier Randal i ei pressemelding.

Ånnevik gler seg til å komma til Vestlandet.

– Det er fint å sjekka om publikum i Bergen ler av dei same tinga som publikum på Ullensaker, om nokon i Haugesund har mista noko i det siste, om nokon framleis hugsar teksten på «Strået» og om nokon har gifta seg til «Vant til stemma din» sidan sist. Og eg gler meg til å sjå korleis ting er på Utkant, seier Frida Ånnevik i ei pressemelding frå Utkantfestivalen.

Artikkeltags