For ein fredag det skal bli: Kjartan Lauritzen kjem tilbake til Utkantfestivalen!

For andre året på rad står Kjartan Lauritzen på Utkant-scena.

For andre året på rad står Kjartan Lauritzen på Utkant-scena. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det største som har kome frå Sogn og Fjordane sidan Olav Stedje er tilbake for fullt, når Kjartan Lauritzen står på scena på Utkant, førstkomande fredag.

Lauritzen, frå Balestrand, vert eit av dei aller største namna på årets festvialplakat. Festivalsjef Viggo Randal gler seg til å sjå samfylkingen på Utkant-scena for andre gong på to år.

– Han er blitt eit fenomen i heile bygde-Norge og resten av Norge. Han er den nye side brok-aktige bygderapparaen, seier Randal.

Og populariteten til Lauritzen vil ingen ende ta. Han slo gjennom for fullt våren 2017 med songen Fredag, som no har 5,5 millionar avspelingar på Spotify. Han har og kjende songar som Nyte D, Havanna og Fenomenet.

I 2017 var det fullt kok på Utkant då Lauritzen kom på scena, Randal forventar det same i år.

– Det er utruleg god stemning med Kjartan, har er det største me har hatt sidan Olav Stedje og Me vandrar saman på 80-talet, seier Randal.

– Folk kan tekstane og syng med, òg dei som er eldre synst og det er morosamt, seier han.

Avisa Nordhordland har prøvd å få Lauritzen i tale dei siste par vekene, men det har ikkje vore moleg. Men i 2017 sa han til avisa Nordhordland at det han opplevde var ganske utruleg.

– Det følast som ein er i konstant vekst. Når ein ting har skjedd har eg tenkt at no må det snart gje seg, men so har det berre skjedd sjukare og sjukare ting. Det gjev seg aldri, sa han.

Kjartan Lauritzen på Utkant 2017.

Kjartan Lauritzen på Utkant 2017. Foto:

Kjartan Lauritzen sitt ekte namn er eigentleg Per Aki Sigurdsson Kvikne og er frå Balestrand. Han slo gjennom som rappar då han budde i Bergen, men har sidan flytta til Oslo.

Fredagen på Utkant er noko heilt for seg sjølv og i år spelar Kvelertak med sin nye vokalist Ivar Nikolaisen før Kjartan Lauritzen, før Dårlig Vane avsluttar kvelden. Thulsa Doom, Sløtface, Electric Eye og Darling West står og på scena på det som er kjent som rocke-fredagen.

Artikkeltags