Dei fyrste artistane er klare for Utkant 2018: Lars Vaular klar for Skjerjehamn

Lars Vaular vert ein av hovudattraksjonane på Utkantfestivalen, sommaren 2018. Torsdag vart det kjent at han skal spela i Skjerjehamn for tredje gong. Før det har han vore der i 2009 og 2014.

Lars Vaular vert ein av hovudattraksjonane på Utkantfestivalen, sommaren 2018. Torsdag vart det kjent at han skal spela i Skjerjehamn for tredje gong. Før det har han vore der i 2009 og 2014. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Etter ein Utkantfestival som gjekk svært bra i 2017, har festivalgjengen i Gulen byrja å sleppa dei fyrste artistane for neste års festival.

Fyrst ute er ein av landets aller største artistar, Lars Vaular.

– Han spelte her i 2014, så var han allemannseige. No skal han fylla Oslo Spektrum, då er ein i den aller øvste klassen med artistar i Noreg, seier festivalsjef Viggo Randal til avisa Nordhordland.

Booka under Øyafestivalen

Bookingarbeidet til 2018-festivalen byrja med ein gong 2017-festivalen var over. Lars Vaular har vore klar sidan tidleg i august, då Randal var på Øyafestivalen og såg han.

– Han leverte eit ganske spektakulært show der, seier han.

Kritikarane stod i kø for å prisa showet til Vaular der. Både VG og Dagbladet gav han ein femar på terningen og Dagsavisen klinka til med ein seksar. Aftenposten var litt meir måtehaldne og gav han ein firar.

Også Sløtface og Erlend Ropstad er klare for neste års festival.

– Sløtface er eit band med har sett på fleire gonger før. Det er eit band som får gode kritikkar internasjonalt, seier Randal.

I 2015 var dei også i Urørt-finalen, utan at dei nådde heilt opp.

Rockefredagen består

– I sommar skal dei spela haugevis med konsertar i utlandet i tillegg til Utkant, seier Randal.

Bandet skal spela på fredagen under årets festival.

– Rockefredagen består, seier han.

Erlend Ropstad er det tredje namnet som er klar for Utkant 2018.

– Eg synst platene hans er veldig bra. Men det er for eg er ein gammal mann på 40, seier Randal.

Erlend Ropstad skal spela på Utkant for andre gong. Sist gong han var der var det tropevêr i Skjerjehamn. Det er lov å håpa på ein reprise.

Erlend Ropstad skal spela på Utkant for andre gong. Sist gong han var der var det tropevêr i Skjerjehamn. Det er lov å håpa på ein reprise. Foto:

Han meiner Ropstad leverer knallsterke tekstar og at det er bra trykk i han. Dette vert andre gong Ropstad spelar på utkant. Fyrste gong var i 2014. Då gjekk bookinga via Facebook, sidan Ropstad ikkje hadde nokon agent.

– Han var ein me var med og oppdaga. Konserten i 2014 var ein fin konsert, men det var noko ikkje så mange som hadde fått han med seg, seier Randal.

Ropstad sjølv gler seg til å komma tilbake til Skjerjehamn.

– Sist gong var med god margin den beste festival-backstage-opplevinga vår nokosinne, med klippestuping i syden-temperatur både i lufta og i vatnet. Noko som er vanskeleg å toppe. Men eg set det på rideren uansett, så ser me sjå kva Utkant-gjengen får til, denne gongen, seier han.

Vanskeleg å finna nye gode namn

Bookingarbeidet går føre seg kontinuerleg, og så seint som denne veka glapp ein større artist av kroken til Utkant.

– Det hadde me jobba med i fleire månader, seier han.

Målet med ei festivalbooking er å få til eit balansert program som treff i alle aldersgrupper. Men etter å ha booka over 200 artistar over ti år, har dei fleste artistar av eit visst format vore i Skjerjehamn

– Det er vanskeleg å finna dei nye store namna som ikkje har vore i Skjerjehamn før og som er innanfor budsjetta våre, seier han.

Festivalsjef Viggo Randal.

Festivalsjef Viggo Randal. Foto:

Og sjølv om dei har byrja å tenka meir kommersielt etter nokre år med dårlege resultat, er det ikkje alle artistar som kan venta seg ein telefon frå Utkantfestivalen. Det har mellom anna vore mange som har ønskt seg Stavangerkameratene til Utkant.

– Dei kjem nok ikkje, seier Randal bestemt.

– Dei passar ikkje inn i den musikalske profilen vår, held han fram.

Men det verkar ikkje som det plagar den jamne billettkjøpar. Berre dagar etter 2017-festivalen var ferdig opna billettsalet for neste års festival. Då for det ut 500 billettar på nokre timar. Eit par veker før jul ligg salet på rundt 700 billettar til neste års festival.

– Det at folk seg av helga si eit år i førevegen viser at folk vil ha oss, sluttar ein godt nøgd festivalsjef.

Artikkeltags