Utkantfestivalen fekk fleire hundre tusen i støtte: – Dette er med og sikrar grunnlaget for vidare drift

FÅR STØTTE: Utkantfestivalen har fått fleire hundre tusen i støtte frå Norsk kulturråd, det er med på å sikra festivalen for dei komande åra. Her eit bilde frå laurdagen i 2015.

FÅR STØTTE: Utkantfestivalen har fått fleire hundre tusen i støtte frå Norsk kulturråd, det er med på å sikra festivalen for dei komande åra. Her eit bilde frå laurdagen i 2015. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Kulturrådet aukar støtta til Utkantfestivalen.

DEL

– Det å få festivalstønad frå kulturrådet er med på å sikra grunnlaget for drift av festivalen, og gjer at me kan halda oppe den storleiken og kvaliteten me ønsker å ha på Utkantfestivalen.

Det seier Utkantsjef Viggo Randal til avisa Nordhordland, fredag ettermiddag.

Då vart det kjend at dei får 225.000 kroner i støtte frå Norsk kulturråd.

LES OGSÅ: Hellbillies kjem til Gulen

Har hatt utfordrande økonomi

Det er 50.000 kroner meir enn kva dei har fått tidlegare.

Den siste tida har Utkantfestivalen slite med økonomien. 2015 vart eit ekstra tøft år for Utkant hovudsakleg grunna to faktorar, som dei ser det sjølve. Den fyrste var dyre transportkostnader, då festivalen var over fire dagar og dei hadde båt til Bergen kvar dag.

Viggo Randal, Utkant-sjefen

Viggo Randal, Utkant-sjefen Foto:

Den andre var internt rot. Dei gjekk glepp av over 400.000 kroner i momskompensasjon grunna eit papir som mangla då dei sende inn søknaden. i 2015 enda dei med eit negativt driftsresultat på heile 702.000 kroner. Håpet var å ta att store deler av pengane på årets festival, men det labre vêret sette ein stoppar for dei heftigaste plusstala. Men dei gjekk likevel i pluss i år.

LES OGSÅ: Utkant med dårleg økonomi – Permitterer festivalsjefen og ber kommunen om lån

Permittert sjefen

For å sikra økonomien i framtida, har Utkant tatt fleire grep. Ein ting er at det i 2016 var færre dagar med festival og båttransport til Bergen. Dei har og permittert festivalsjef Randal for ei tid, samt at styremedlemmene har lånt ein halv million av sine eigne pengar til festivalen. Økonomien har og betra seg. Wilberg seier dei no er nede i ei gjeld på 1,4 millionar kroner. Den negative eigenkapitalen er vorte eit par hundre tusen kroner betre og er no på rundt 750-800.000 kroner.

LES OGSÅ: Har plassert festivalsjefen på byråkrat-kontor

Hellbillies kjem til Gulen

Dei har og fått 75.000 kroner i årleg støtte frå Gulen kommune dei neste åra.

Dei fyrste bookingane for 2017-festivalen er alt byrja å koma inn. Hellbillies og bergensartisten Sigrid Raabe er begge stadfesta klare.

– Hellbillies er eit band som har vore ønska av publikumet vårt i elleve år, så det er på tide at dei får det, sa Randal til avisa Nordhordland då det vart kjent at hallingdølane skal til ytre Sogn neste sommar.

I alt har Kulturrådet løyvd 57,3 millionar kroner til 111 festivalar landet rundt.

LES OGSÅ: – Våre beste minner skapast på Utkant

Artikkeltags