– Eg er glad eg fekk vera her og fekk korrigert nokon få av dei usanningane som kom fram om korleis me agerer i lokalsamfunnet.

Det seier Johnny Hansen, prosjektleiar i Zephyr AS som jobbar med utbyggingsplanane for vindkraft på Dalsbotnfjellet i Gulen.

– Det var ei rekkje usanningar som kom fram

Selskapet har store planar om å setja opp inntil 30 vindmøller som kan produsera til saman 450 gigawatt årleg. Det svarar til forbruket til 22 500 einebustader årleg.

Selskapet har jobba i ti år for å få til planane. Samstundes har Norsk Vind Energi AS byrja å sysla med eit vindkraftverk på Sandøy i Gulen. Eit prosjekt som Statkraft Agder Energi Vind DA tidlegare har jobba med og som NVE avslo konsesjonssøknaden på.

Laurdag arrangerte motstandarane mot vindkraftutbygging eit møte på Skjerjehamn i Gulen om vindkraftutbygging. Det var berre motstandarane til utbygginga som var invitert til å snakka på møtet og det kom fram ei rekkje påstandar undervegs. Og sjølv om dei ikkje var invitert på møtet, dukka prosjektleiarane til både Zephyr AS og Norsk Vind Energi AS opp på møtet.

– Det var ei rekkje usanningar som kom fram, konspiratoriske ting som vart lagt fram. Det likar eg dårleg. Ok, eg respekterer at enkeltpersonar er motstandarar av vindkraft, men at ein tek i bruk usanningar synest eg ikkje noko om, seier Hansen.

Motstandarane på møtet tok opp tema som at det er overskot på kraft i Noreg per i dag og at straumen vert sendt rett til utlandet, støyproblematikk, påstandar om at det stod store internasjonale finansfond klare til å kjøpa opp vindkraftverka når dei var ferdig utbygde, påstandar om at verdien på eigedommar kom til å falla dramatisk etter at vindkraftverk vert bygd og kritikk til måten selskapa har opptredd på overfor både enkeltpersonar og lokalsamfunn var mellom det som vart tatt opp på møtet.

Ville hatt meir taletid

– Dei som arrangerte møtet er skeptiske til vindkraft og ønska den vinklinga, fair enough. Eg prøvde å vera til stades og prøvde å balansera noko av det eg opplevde som til dels veldig unyansert, seier Arne Fredrik Lånke i Norsk Vind Energi. Han er prosjektleiar for utbyggingsplanane på Sandøy.

Han seier han skulle ha ønska at han fekk meir taletid på møtet og han meiner at stemninga på møtet ikkje nødvendigvis er representabelt for korleis folk stiller seg til vindkraftutbygging.

– Me opplever at me er velkomne blant mange av dei som bur på Sandøy. Det er mange som ønsker vindkraft dit og det er folk som takkar oss for at me tek opp att planane. Så den stemninga som var på møtet her speglar av nok ikkje stemninga som er generelt i forhold til vindkraft. Det veit me og. Men det er store saker og det skaper kjensler, heilt opplagt, så det er ikkje rart at nokon er skeptiske, seier han.

 

– Vil ikkje ha ufred i bygda

Det same seier Hansen i Zephyr. Han viser til ei spørjeundersøking som er sendt ut til grunneigarane på Dalsbotnfjellet.

– Den viser at det er ein god overvekt som er positive til utbygging, hevdar han.

Hansen seier at det er litt over halvparten av grunneigarane som har svara og dermed meiner han det er representativt.

– Det eg får høyra frå enkelte er at ein ønsker ikkje noko ufred i bygda, så vil ein at myndigheitene skal ta ei avgjerd om avtalar, for ein vil ikkje ha naboar mot naboar, seier han.

Det er 55 grunneigarar til Dalsbotnfjellet fordelt på elleve sameige.

– Slik eg skjønar de har de no avtale med elleve grunneigarar?

– Tolv no.

– Så de manglar framleis over 40. Det er eit stykke att?

– Ja, men fleirtalet har uttrykt at dei er positive men dei vil at myndigheitene skal ta ei avgjersle. Me merkar at det er ei relativt positiv forankring hjå grunneigarane. Og berre så det er sagt, heile Dalsbotnfjellet er for mange år sidan blitt peika på som eit område med lite konflikt av fylkesdelplanen. Men det er klart, eg forstår at nokon er glade i det fjellet. Men det representerer eit produksjonsvolum på rein energi som går langt utover Gulen kommune. Det er eit stort regionalt prosjekt og det er det myndigheitene må ta innover seg og Gulen kommune bør ta innover seg, seier han.

Hansen meiner og at politikarane bør stå opp for klimaet og meiner det er ein rekke politikarar som ikkje er til stades i denne debatten.

– Men Gulen kommune har jo tatt eit tydeleg standpunkt (16-5 har sagt nei til utbygging i kommunestyret journ.mrk) og ordførar Hallvard Oppedal seier veldig tydeleg at dei vil ha fleire innbyggarar til kommunen og argumentet dei vert møtt med er at folk vil ha urørt natur?

– Det me høyrer og ser er at ungdommen kjem att om det er arbeidsplassar. Dei flyttar til sentrale strok nettopp fordi det er arbeidsplassar der. Så det stemmer ikkje trur me. Det er me sikre på, seier han.

Lånke i Norsk Vind Energi har på i side stor tru på deira prosjekt på Sandøy.

– Me ser utfordringane kring ei utbygging på sandøy når det gjeld forhold som hubro, trekkfugl og bebyggelse. Det må me forsøka å ta omsyn til. Samstundes er det ein svært interessant plass med nærleik til industri, vegar, nett og kai som alt kan nyttast, saman med god vind og lett terreng. Det kan difor bli ei sjeldant skånsom utbygging av ganske mykje fornybar kraft, seier han.

NVE si vurdering då dei avslo søknaden til Statskraft i si tid peika dei mellom anna på at Sandøy-prosjektet, saman med Setenesfjellet, hadde dårlegare vindforhold enn dei andre prosjekta i Gulen. Det vart og peika på at Sandøy vindkraftverk ville ha dei største miljøpåverknadane av Gulenprosjekta.

Det er ofte to argument som går igjen blant motstandarane av vindkraft. Det eine er at Noreg i dag har overskot på kraft og det andre er øydeleggingane i naturen. Det er slik at etter 25 år kan myndigheitene velja å ikkje gje fornya konsesjon til eit vindkraftverk og utbyggar må då riva ned og få naturen tilbake i den stand det var før utbygginga. Mange hevdar at det ikkje er mogleg. Både Zephyr og Norsk Vind Energi avviser begge påstandane.

 

Meiner naturen ikkje vert øydelagd

– Straumforbruket aukar trass i at myndigheitene jobbar med industrieffektivisering. Me må ha auge for at klimautfordringa krev at me dekker opp dette med fornybarenergi og eg ser ikkje at dei som peikar på dei alternative løysingane har ein god plan for korleis dei skal auka resultata så mykje som me må. det vert for lettvint å seia at me har nok av det og det. man må vera meir konkret og ha verkemiddel og per i dag er vindkraft eit av dei beste tiltaka slik me ser det, seier Lånke.

Hansen på si side peikar på at vindkraft til havs, som mellom anna Gulen-ordførar Hallvard Oppedal vil ha meir av, er fleire gonger dyrare enn landbasert vindkraft.

– Og eg trur korkje myndigheitene eller befolkninga er interessert i å betala det det kostar, seier han.

Hansen avviser og at det vert store sår i naturen etter dei.

– Me har med landskapsarkitekt og miljøtilsynet i NVE som føl oss med argusauge. Så alt dette vert i varetatt på ein så i det heile god måte som mogleg, meiner han.

– Men de sprenger jo vekk berg og fjell og fyller ut i dalar i naturen?

– Ja, det må me jo det. Men du ser jo det at om det vert bygd ein vegstump her borte så ser et ganske stygt ut i anleggsperioden, men når ein vert ferdig med anlegget så vert det ganske bra, meiner han.