Utbyggar meiner kommunen må ta større del av kostnaden

Illustrasjon av framtidig Knarvik

Illustrasjon av framtidig Knarvik Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Oddvar Reikerås held utbygginga si på vent inntil det er avklart kva felleskostnadane vert i den nye Knarvikplanen.

DEL

Knarvikplanen: – Dei seier prisen for fellesarealet vert på 1300 kroner rutemeteren, men det er jo feil, seier Oddvar Reikerås til avisa Nordhordland.

Han var måndag kveld på det såkalla folkemøtet om Knarvikplanen.

Dei 10-12 frammøtte, for det meste utbyggarar, fekk kommunen og planleggarane sine visjonar om Knarvik i framtida.

LES OGSÅ: Vil la deg bygga i 9 etasjar i Knarvik

Mindre fellesareal på eiga tomt

Men når alt kjem til alt, er det pengar det handlar om. Det nye i Knarvikplanen er, som avisa Nordhordland skreiv i førre veke, at ein kan bygga ut 30.000 rutemeter før rekkefølgekrava byrjar å slå inn. Då må mellom anna ei rundkøyring ved Shell-stasjonen komma på plass.

Ein kan faktisk bygga så høgt som ni etasjar i visse delar av sentrum, vert det lagt opp til. Ein har løyst noko av dette ved at ein får rekna fellesareal i Knarvik som sitt areal. Det er med på å gje høgare utnytting av tomtene og ein lågare pris for å utnytta sitt eige areal. Færre eigedommar skal og løysast inn, slik at private kan utnytta dei betre.

Men alt kjem til ein pris. Prisen for å bygga ut lokale tiltak i Knarvik, som må på plass som ein del av krava er i hundremillionarsklassen.

Ein antek at det vil kosta mellom 386 og 471 millionar kroner å bygga ut ein ny allmenning, rusta opp Kvassnesvegen til bygate, rusta opp det lokale vegnettet, gang og sykkelvegar, teknisk infrastruktur og vidare.

Kosten skal verta delt på utbyggarar og kommunen.

Og det er her enkelte av utbyggarane steilar, for dei veit ikkje kva det vil kosta dei å bygga ut.

På direkte spørsmål til kommunen fekk ein til svar at ein rekna med ein pris på 1300 kroner rutemeteren.

– Men det svaret er jo feil, peikar Reikerås på.

LES OGSÅ: Reduserer tøffe krav

Avventar utbygging

Årsaka til at han meiner det er feil er at kommunen legg til grunn at alle dei potensielle 390.000 rutemetrane vert bygd ut.

– Men det skjer jo ikkje. Ein må jo rekna på kva ein kan bygga i tillegg til det ein har i dag, seier han.

I Knarvik i dag er det utbygd omtrent 180.000 rutemeter.

– Om ein deler 300-400 millionar kroner på 390.000 eller på 210.000 rutemeter, får ein to vidt forskjellige tal, peikar han på.

Han viser til si eiga tomt. Der er det alt eit bygg på 1500 rutemeter. I den nye planen kan han bygga ut opp til 8000 rutemeter. Men kortid han kjem til å gjera det, veit han ikkje.

– Eg kan ikkje seia noko før ein veit kva det kostar, og før me veit kva me må setja av til felles infrastrukturtiltak, seier han.

– Så det er felleskostnadane som er bøygen for dykk no?

– Ja, det er ein stor del, seier han.

Han legg ikkje skjul på at han meiner planen ser bra ut for Knarvik sin del, og at det er eit heilt annleis Knarvik me vil sjå om 30 år.

– Men ein må få inn økonomiske realitetar ein kan jobba med, seier han.

– Så du meiner kommunen bør ta meir av kosten med utbygginga?

– Ja, absolutt. Dei burde tatt ein vesentleg del av kosten med utbygginga av infrastruktur i sentrum, seier han.

– Du er ikkje redd for at de som utbyggarar skal verta oppfatta som griske?

– Eg er ikkje redd for at me må betala. Og det er jo mykje på våre tomter som og skal byggast og, som uteareal på tomtene. Det har noko med miljøet å gjera, slik at det vert bra i heile Knarvik, seier han.

– Sju vonde år

I tillegg til Reikerås-bygget, har han ei tomt aust for Shell-stasjonen. Dei byrja å jobba med planane om å bygga dei ut alt i 2006. Slik det ser ut i dag, er det mest aktuelt å byrja ei etappevis utbygging på dei to tomme tomtene. Når alt er klart, håpar han å ha mellom 80 og 90 leiligheiter på plass.

I utgangspunktet hadde dei planar om å setja opp eit bygg med 25 leilegheiter og fleire tusen rutemeter næring, men etter å ha brukt nokre millionar på planane, fekk dei avslag. Difor må dei no teiknast om.

– Men det ventar me med. På det førre prosjektet la me ut nokre millionar for å få dei utteikna. Det gjer me ikkje ein gong til, seier han.

– Er de leie av å venta?

– Dette har vore dei sju vonde åra. Så no får me håpa det er dei sju gode åra me går inn i, sluttar han.

Det har ikkje vore mogleg å få ein kommentar frå Jan Erik Hope, eiar i Plan og miljøutvalet og har leia Lindås kommune sitt arbeid med Knarvikplanen, måndag kveld.