– Unngå unødvendige reiser til Bergen

Rådmann Ørjan Raknes Forthun og ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun og ordførar Sara Hamre Sekkingstad. Foto:

Alver kommune vil støtte Bergen sine koronatiltak. No oppmodar dei folk til å unngå unødige reiser til byen.

DEL

– Vi oppmodar alle som bur i Alver om å unngå unødvendige reiser til Bergen dei neste ti dagane, seier ordførar i Alver, Sara Hamre Sekkingstad.

Onsdag innførte Bergen fleire korona-tiltak for å hindre vidare smitte i kommunen. Desse skal gjelde i ti dagar.

– Til dei som må reise til Bergen og ikkje kan velje vekk kollektivtransport er rådet å bruke munnbind – dersom du ikkje kan halde ein meters avstand, seier Sekkingstad.

Oppmodar til heimekontor for pendlarar

Rådmann Ørjan Raknes Forthun råder dei som pendlar mellom jobb og heim i Alver eller Bergen om å ha heimekontor.

– Jobb frå heimekontor, dersom det er mogleg og arbeidsgjevar kan leggje til rette for dette, seier rådmannen.

Han understrekar samstundes at Alver ikkje har same smittesituasjon som Bergen.

– Vi har ikkje eit lokalt smitteutbrot hos oss, og skal difor fortsette å følge dei nasjonale retningslinjene. Men det er viktig at vi støttar Bergen kommune og bidrar til at dei får kontroll på utbrotet, seier han.

Han oppmodar bergensarar om å følge Bergen kommune sine reglar for arrangement, også når dei er i Alver.

Artikkeltags