I juni 2019 vart Nordhordland tildelt statusen «UNESCO biosfæreområde», og sette Nordhordland på kartet som medlem av eit globalt nettverk av unike modellområde for berekraftig utvikling (sjå infoboks).

I fjor haust gjennomførte Nordhordland UNESCO biosfæreområde den første fasen av strategiprosessen for prosjektet, der folk i regionen gav innspel til kva som skulle prioriterast for framtida. Ivrig deltaking og gode diskusjonar om korleis Nordhordland kan dra nytte av status som UNESCO biosfæreområde gav meir enn 500 bidrag frå innbyggarane.

Kva er naturgode?

Biosfæresatsinga medfører sterkare band mellom Universitet i Bergen og regionen Nordhordland. I samband med dette leier Inger Måren, førsteamanuensis ved Institutt for biovitskap på UiB, eit forskingsprosjekt som søker å finna ut korleis folk verdset naturen i regionen.

Nytteverdien vi får av naturen kan kallast «Naturgode». Dette kan vera alt frå sauehald, stader ein kan gå tur og finn ro, eller å hausta eller sanka mat. Gruppa som står bak forskingsprosjektet meiner det er veldig viktig å forstå meir om naturgoda i biosfæreområdet fordi dei representerer vesentlege verdiar for folk i regionen. Denne kunnskapen blir viktig for framtidig berekraftig utvikling i Nordhordland UNESCO biosfæreområde.

Kva er eit Unesco Biosfæreområde?

Bildeserie

Historisk dag for Nordhordland og Norge: Sjå bildeserie frå opninga av det første biosfæreområdet i landet

Kva skjer no?

Forskingsgruppa er halvvegs gjennom besøka sine i Nordhordland, etter å ha vore på ni bibliotek i februar. I mars vil det vera ytterlegare åtte møte (sjå timeplan i slutten av artikkelen) der alle innbyggarar, arbeidarar og besøkande i regionen blir invitert til å delta aktivt og samarbeida med forskarane for å utvikla kart og detaljkunnskap om naturgode i Nordhordland.

Alicia Barraclough, forskar på UiB og ein av prosjektleiarane, seier ho er spent på å sjå korleis forskingsprosjektet kan bidra til lokal planlegging og vera eit utstillingsvindauge for moglegheitene UNESCO-statusen gir.

– Vi har snakka med kommunane om korleis forskinga vår kan gi verdifull informasjon til regional planlegging. Vi håper verkeleg dette prosjektet vil bli eit godt døme på lokal deltaking i eit biosfæreprosjekt, og hjelper Nordhordland med å visa leiarskap for berekraftig utvikling til inspirasjon for resten av landet, seier Barraclough.

Internett-undersøking

Du kan bidra ved å delta i internettundersøking der du blir beden om å stadfeste det du verdset i naturen på eit kart: Kvar er det du fiskar, badar, går tur, haustar av naturen, osb.?

På bibliotekmøta vil studentar og forskarar frå UiB hjelpa folk med å fylla ut undersøkinga og gi meir informasjon om prosjektet for dei som er interessert i det. Alle er velkomne på møta og ein treng ikkje melda seg på. Undersøkinga kan òg svarast på på eiga hand på internett og vil vera open til slutten av april.

Du kan delta ved å svara på undersøkinga her: https://app.maptionnaire.com/nb/6998/

Tidspunkt for bibliotekmøta

Kommune

Dato

Tid

Stad

Vaksdal

Måndag 2/3

10-12

Vaksdal bibliotek, Vaksdal filial

Gulen

Torsdag 5/3

16-18

Gulen folkebibliotek, Eivindvik

Alver

Måndag 9/3

10-12

Kantina i Nordhordlandshallen, Knarvik

Alver

Tysdag 10/3

10-12

Strilabiblioteket, Manger

Alver

Onsdag 11/3

10-12

Strilabiblioteket, Frekhaug

Masfjorden

Torsdag 12/3

16-18

Masfjorden folkebibliotek, Matre skule

Øygarden

Måndag 16/3

10-12

Rong bibliotek

Osterøy

Tysdag 17/3

10-12

Osterøy bibliotek, Lonevåg

Bergen

Torsdag 19/3

16-18

Universitet i Bergen: Thormøhlens gate 53A, 1. etg., rom K1/K2.

Her kan du lesa meir om prosjektet på UiBs nettside: https://www.uib.no/en/unesco-chair/133163/nature%E2%80%99s-contributions-nordhordland-biosphere

PS! Denne saka er skriven av Universitetet i Bergen sjølv i samråd med redaktør.