Dei siste vekene har eit knippe unge nordhordlendingar komme til orde her i avisa. Dei har vist mot, dei har vist at dei har noko på hjarta. Dei har vist at dei kan argumentera for sitt syn, vera personlege og ærlege, men utan å rakka ned på andre.

Dei har skrive om hårvekst, om å ikkje verta invitert på fest, om å grua seg til russetida, om reinspikka rasisme og den såre kjensla når nokon rakkar ned på språket ditt.

Det er altså snakk om emner der mange av oss hadde skugga bana. Vorte engstelege. Gjerne feige.

Meir av dette kjem til å komma framover. For: Ungdommane i distriktet har mykje på hjarta. Det kjem til å handla om kollektivtilbodet i distriktet, men òg ei oppmoding om at me kanskje innimellom bør legga vekk mobiltelefonen. Og mykje meir, får me håpa.

I eit innlegg her i avisa, spurde nyleg fylkestingskandidat Jon Torsvik (H) om folk i distriktet har gått i hi. Det har dei ikkje, og om nokon har vore parkert i hiet nokon gong, er det fleire og fleire som har tatt turen ut i dagslys. Det er viktig.

I avisa Nordhordland har me det siste halvanna året sett ei markant utvikling i engasjementet til lesarane. Det har vore ei positiv utvikling. Frå at det berre var nokon få som forbilledleg tok mot til seg, og skreiv innlegg i avisa, kan me i dag velga og vraka i gode, aktuelle og innsiktsfulle innlegg.

Dei siste vekene har me sett politikarar, friluftslivsfolk, vindkraftaksjonistar, grunneigarar, pensjonerte rådmenn og mange andre som har sagt meininga si her i avisa. Eg trur, og håpar at dei fleste av dei har hatt ei positiv oppleving med å dela tankar meiningar og hjartesukk.

Det er næmleg heilt avgjerande for ei lokalavis og eit lokalsamfunn at det offentlege ordskiftet skjer ute i dagslys, og at folk vågar å stilla opp.

Sjølv er eg så heldig at eg får sitta i styremøta i Norsk redaktørforeining. Denne foreninga har som eit av sine viktigaste oppdrag å vera ein beskyttar for ytringsfridommen og openheita i det norske samfunnet. Nyleg har me i dette styret diskutert rapporten som Ytringsfridomskommisjonen relativt nyleg har lagt fram. Rapporten teiknar eit langt betre bilde av den norske offentlegheita, enn det mange hadde frykta. Det er det verdt å merka seg.

Rapporten knusar nemleg ein heil del mytar.

Nei, det norske samfunnet er ikkje prega av aukande polarisering.

Ja, ytringsfridomen har faktisk særes gode vilkår i samfunnet vårt.

Nei, dei som deltek mest i kommentarfelta er ikkje særleg representative for folk flest.

Nei, dei som deltek i det offentlege ordskiftet vert ikkje offer for så mykje hat og hets som ein kan få inntrykk av.

Ja, dersom du faktisk har noko på hjarta, finst det faktisk rikeleg med arenaar du kan boltra deg på.

Nei, me lever ikkje i noko utprega woke-samfunn eller kanselleringssamfunn, sjølv om dette absolutt er noko me bør vera på vakt for.

Sjølvsagt finst det utfordringar innanfor dette feltet, òg her i landet. Men den kanskje aller største utfordringa, er at me let relativt få dominera den offentlege debatten. Det er nemleg om lag berre ti prosent av oss som regelmessig ytrar oss om det som skjer i samfunnet. Om fleire hadde sagt meininga si eller komme med konstruktive innspel, hadde både kvaliteten på debatten og dei politiske løysingane hadde vorte betre.

På dette feltet har me som lokalavis eit viktig ansvar. Me må gjera det attraktivt, interessant og mindre skummelt å heva stemma. Men jo fleire heilt vanlegare innbyggarar som deltek, jo enklare er det å ta steget ut i det offentlege ordskiftet.

Joda. Det finst nokre idiotar der ute. Heldigvis er dei ganske få. Og heldigvis, dei gjer ofte ikkje anna enn å underbygga det dei som ytrar seg fortel oss. Då Klaudia (17) tidlegare denne veka ope og ærleg skreiv om at det som polsk innvandrar var vanskeleg å få full innpass i det norske samfunnet, var det sjølvsagt nokon som greidde å latterleggjera seg sjølv i kommentarfeltet. «Ho er ikkje velkommen. Kan dei ikkje berre halda seg i heimlandet sitt?», vart det skrive i kommentarfeltet til avisa.

Sjølv om slike utspel ikkje er akseptable, og kommentaren sjølvsagt vart sletta, greidde nettrollet å underbygga at det Klaudia skreiv om faktisk hadde rot i det verkelege samfunnet. Ja, det finst fleire blant oss som ikkje ønskjer å ta i mot dei som kjem utanfrå på ein god måte. Faktisk er det slik at unge vegrar seg for å ta i bruk kommentarfelta, fordi nokre få godt vaksne øydelegg.

Å halda orden i kommentarfeltet er noko av det me må få til om me skal greia å gjera det trygt å ytra seg. Noko slettar me, andre gongar prøver me å ta del i debatten. Relativt ofte, tar folk i kommentarfeltet sjølv affære, og får debatten inn på rett spor. Då let me innimellom ytringar som er på litt på kanten stå. Likevel er inntykket vårt at mange av lesarane våre faktisk brukar kommentarfeltet på ein god og konsturktiv måte. I motsetnad til i mange andre aviser, er faktisk kommentarfelta våre ofte eit sunt og godt tilskot til den offentlege samtalen.

Eg vil uansett tilbake til alle dei flotte ungdommane som har våga å heva stemma i avisa i det siste. Dei kan nemleg framstå som gode førebilde for mange av oss. Dei viser eit mot, ein refleksjon og ein folkeskikk som ein ikkje alltid ser når vaksne diskuterer vanskelege spørsmål.

Sjølv om eg nemnde eit stygt unnatak, er dei òg eit døme på at responsen frå publikum i all hovudsak er positiv når folk hevar stemma i avisa. At utviklinga er positiv, både blant unge og eldre er gledeleg. Det gjer at det er fleire enn tidlegare som vert høyrde i den lokale samfunnsdebatten.

Ingenting er betre enn at dei unge viser veg. Heldigvis er det dei som er framtida.