I ungdomsredaksjonen får ungdom mellom 15 og 19 år jobba som journalistar i avisa.
Første runde starta opp i 2017, og no er runde to i gang, med fem engasjerte journalistspirer, som leverer stoff av, med og for ungdom.
Ein gong i veka er ungdommane samla til redaksjonsmøte i lokala til Avisa Nordhordland i Knarvik. Her finn ungdomsredaksjonen saman ut kva dei skal skrive eller lage videoreportasjar om den neste veka.
På Snapchat
No har den kreative gjengen starta opp ein eigen snapchat-konto. Der vil dei dela bilde frå kvardagen sin og kva dei gjer i jobben som journalistar i ungdomsredaksjonen. Snapkontoen heiter «nordhordlandung». Ein kan enten følga dei ved å søka opp dette namnet eller ta bilde (med kameraet i Snapchat) av QR-koden til høgre i denne saka. Då vil det koma opp ein førespurnad om å «legge til venn».
Ung-gjengen ønskjer mange følgjarar, og gleder seg til å visa fram kva dei driv med.