Marthine (18) løftar meir enn kva ho sjølv veg

FAVORITTØVING: I favorittøvinga benkpress har Marthine Myhr ei noregsrekord. Ho fortel at det hovudsakleg er benkpress som driv motivasjonen i tida etter ryggskaden.

FAVORITTØVING: I favorittøvinga benkpress har Marthine Myhr ei noregsrekord. Ho fortel at det hovudsakleg er benkpress som driv motivasjonen i tida etter ryggskaden. Foto:

Marthine Myhr frå Lindås er nyleg fylt 18, men har alt rokke å sette noregsrekord i benkpress innanfor si eiga vektklasse. Nh Ung tok turen til Frekhaug for å finne ut litt meir om noregsmeisteren.

DEL

Ho fatta tidleg interesse for styrkeløft, og fortel at ho alltid har hatt eit ønske om få prøve det ut. Etter kvart som ho dreiv meir med det og prøvde ut forskjellige ting, fatta ho også meir og meir interesse for idretten.

Sjølv om ho ikkje hadde forventa å verte så dedikert då ho først byrja med styrkeløft, er det synleg at den harde treninga har gitt resultat. Blant anna har ho fått vore med på nordisk i Sverige, kor ho enda på ei 2.-plass.

Sjølvkritisk

Ho har vorte kåra til Noregsmeistar både med og utan utstyr, likevel er ho sjølvkritisk til kva ho har oppnådd så langt. Ho føler at ho personleg ikkje har oppnådd noko særleg stort, og er mest nøgd med korleis det jamt over har gått i benkpress, i tillegg til dei diverse førsteplassane ho har vunne.


Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

– Eg skulle eigentleg vore med på NM i år også, men så kunne eg ikkje grunna ein skade i ryggen. Elles er det omtrent fire stemne å delta på i året, det er NM, også nokre regionsmeisterskap innimellom.

Personleg rekord er på 110 kg utan utstyr, og 167.5 kg med utstyr innan knebøy.

– I benkpress er rekorden 87 kg utan utstyr og 117,5 kg med utstyr, medan den i markløft er heile 132.5 kg utan utstyr, og 145 kg med utstyr, så det er jo litt då, seier ho.

Det var kjærasten Yngve som først introduserte ho ordentleg til idretten. Gjennom ei felles interesse for treninga, fann dei også ei felles interesse for kvarandre.

Et som ho sjølv ønsker

Som konkurrerande utøvar er det spesielle vektklassar Marthine fortel at ho må halde seg innanfor. I fjor konkurrerte ho innanfor ei vektklasse som gjorde at ho ofte måtte faste litt ei tid før sjølve konkurransen, for å vere sikker på at ho var innanfor vektkrava. Nå har ho gått opp ei klasse, og fortel at ho kan ete kva ho vil, men at det er smart å få i seg mykje protein. Då spørsmålet om ho har nokon favorittmat kjem på banen, smiler ho og fortel at det går mykje i biff og Nocco.

– Biff har mykje protein i seg og er kjempe godt, så det er jo berre positivt å ete mykje av det. Eg har eit håp om å vere både skadefri og sterk i framtida, og med rett mat saman med litt trening så går det, fortel ho

Alle kjenner alle

I styrkeløft konkurrerer ein i dei tre baseøvingane benkpress, markløft og knebøy. Det vert gjennomført både med og utan hjelpeutstyr. Ho fortel at medan det før var flest gutar i styrkeløft-miljøet, så har det hatt ei auke i popularitet dei siste åra, noko som har ført til at det no er fleire jenter med. Dessverre er det ikkje så mange som held til lokalt i nærmiljøet, men det bur derimot ein del i Bergensområdet.

– Stereotypen om at det er mykje doping i styrkeløftmiljøet stemmer ikkje med dei opplevingane eg har hatt. Det er strenge kontroller, og det vert utført dopingtestar regelmessig, seier Myhr.

Elles meiner ho at miljøet er veldig flott. Sjølv har ho funne vener der som ho ofte heng med på fritida. Ho beskriv det som at «alle kjenner alle».

– Eg vil gjerne anbefale andre å teste ut styrkeløft, i alle fall dei som trenar, men kanskje ikkje alltid har så lett for å finne motivasjonen. I styrkeløft er det som oftast lett å finne mål å trene mot. Det gir litt meir meining i treninga.

Stereotypen om at det er mykje doping i styrke-løftmiljøet stemmer ikkje med dei opplevingane eg har hatt. Det er strenge kontrollar

Marthine Myhr

At det er lett å finne mål å trene mot, er noko som har motivert Marthine til å trene vidare etter ryggskaden. Ho fortel at det ikkje var lett å finne tilbake til motivasjonen, men at med god hjelp frå trenaren, så gjekk det likevel. Motet vert halde oppe så lenge benkpressen går bra, blant anna forsøker ho å sette nye mål etter kvart som vektene kjennest lettare. Med trening seks dagar i veka vert det ofte litt slitsamt å dra seg på trening, men det at det å droppe berre ei trening kan bety skilnaden på siger eller tap, gjer at ho alltid kjem seg på trening, og gjennomfører eit innvikla treningsprogram.

– Sjølve treninga, utføringa, gjev ei fantastisk deilig kjensle som driv motivasjonen rett til vêrs, seier ho.

Artikkeltags