Gå til sidens hovedinnhold

10 tips til å betre takle ein travel skulekvardag

Artikkelen er over 3 år gammel

Nokre gonger kan kvardagen verke meir hektisk enn kva ein sjølv klarar å takle. Nh Ung har samla 10 smarte tips for korleis betre å handtere ein travel kvardag.

1. Lag lister over ting du må gjere, planlegg dagen

– Prøv å bruke fem minutt anten kvelden før, eller om morgonen, til å planlegge kva du må få gjort den dagen.

2. Tenk over kvifor du gjer det

– Dersom du ikkje har nokon bra grunn, så kan du sannsynlegvis droppe å gjere det.

3. Ikkje utsett ting som må gjerast

– Om du treng det, ikkje ver redd for å be om hjelp.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

4. Dropp multitasking, legg ein arbeidsplan

– Dei fleste forskyver arbeidet som må gjerast, heilt til siste liten. Ikkje vent for lenge med å byrje skrivinga, skriv heller litt og litt. Da får du i tillegg betre tid til å oppdage teksten sine styrker og svakheiter, noko som vil gje deg moglegheit til å fylle ut hola kunnskapen før du leverer arbeidet.

5. Tenk konstruktivt og sett deg mål

– Dette gjer det lettare å fullføre dei oppgåvene du bestemmer deg for.

6. Ta pausar når det trengst

– Finn din eiga studieteknikk. Utforsk når på dagen du lærer best, og utnytt denne. Hugs også at både rørsle, mat og drikke er viktig for å få ei optimal læringsoppleving.

7. Ikkje samanlikn dine eigne prestasjonar med dei andre har

– Du er din eigen person, med dine eigne styrker og svakheiter.

8. Få nok søvn og nok næring

– Søvnmangel og næringsmangel er to faktorar som bidreg til dårlegare arbeid, noko som aukar frustrasjonen i ein travel kvardag.

9. Finn ut kva som gjer deg glad

– Når du har fått ein peikepinn om kva som gjer deg glad, bør du gjere meir av det i kvardagen. Det er ikkje nødvendig å slite seg ut på ting som gjer ein demotivert og trist.

10. Hugs at ditt beste er bra nok!

Les også

Supergutta i «The main Level» med ny superhit

Kommentarer til denne saken