Ida (20) vann jule-quizen til Nh Ung

Ida Mjøs frå Seim synest godis-korga kjem godt med no i juletidene. Foto: Privat
Nh Ung Det var 20 år gamle Ida Mjøs frå Seim som vann jule-quizen som Nh Ung har halde gjennom desember.
– Å! Så kjekt! responderte ho då Nh Ung tok kontakt og gav ho beskjeden.
– Det er veldig kjekt å endeleg vinne ein konkurranse på Facebook. Og så kjem all godisen godt med no i juletidene! Eg er supertakknemleg!
Nh Ung takkar alle som har engasjert seg og deltatt i kalender-quizen vår. Håpar de held fram med å følge oss og å lese sakene våre også i 2018.
Kom veldig gjerne med tips til kva vi skal skrive om i det nye året! Meld oss på Facebook eller send ein e-post til morten.saele@nordhordland.no!
Har du julebilde du vil dele med oss og få med i ein bildeserie? Merk dei med #nhjul
Ha ei strålande jul vidare!
Kommentarer til denne saken