– Eg vil ha ei feiring der ingen treng å vere redde

Ønsker endring: Julie Sætre meiner det er på tide at russen tenkjer over kva verdiar dei kan sjå tilbake på at dei hadde i russetida, utan å skamme seg.

Ønsker endring: Julie Sætre meiner det er på tide at russen tenkjer over kva verdiar dei kan sjå tilbake på at dei hadde i russetida, utan å skamme seg. Foto:

DEL

KommentarEg heiter Julie og eg er russ i år. Men haldningar og forventingar gjer at eg ikkje gler meg like mykje som alle andre. Eg ønsker å feire at eg er ferdig med vidaregåande, utan at det skal koste med verdigheita mi.

I sytten dagar i mai er det nærmast forventa at vi ungdommar bryt alt av normer og reglar. Men kvifor skal vi feire at vi er ferdige med skulegang, at vi har blitt vaksne, ved å oppføre oss som ungar att? Det gir inga meining for meg.

Eg prøver ikkje å vere ein festbrems. Det er ikkje festen eg vil bremse, det er all galskapen som har utvikla seg til ein nærmast obligatorisk del av russetida.

Det er ikkje slik at så snart du har fått på deg den raude eller blå buksa kan du oppføre deg som om du lever i eit anarki. Russen har eit rykte på seg som ikkje er til å skryte av. Men ikkje alle som skal vere russ ønsker å bli assosiert med desse ukontrollerte og hemningslause ungdommane.

For mange handlar russetida om å toppe fjorårets kull si feiring. For kvart år som går verkar det som om åtferda, ideane og russeknutane blir verre. Slik vil ikkje eg at det skal vere.

Noko som øydelegg gleda over feiringa for meg, er haldningane i russelåtane. Ta til dømes den omdiskuterte songen til bergensrussen Playboy 2017, som til og med dei sjølve etter kvart tok avstand frå. Dei mannssjåvinistiske haldningane som kjem fram i songen, viser diverre korleis også forventningane om russetida er for mange gutar. Playboy-russen er ikkje åleine når det gjeld å produsere songar der jenta tydeleg er underlagt mannen, faktisk skjer det så hyppig at ein kjønnsnøytral song der bodskapen handlar om å feire med måte, er noko eg aldri kan påstå at eg har høyrd.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Korleis kan vi som samfunn stå og sjå på at stadig fleire slike songar vert laga utan at nokon tenker på å forklare produsentane korleis skitne verdiar og haldningar blir spreidde?

Sjølv om ein er russ er det ikkje slik at det er greitt å gje slepp på alle verdiar og haldningar ein har. Dessverre har det å gje slepp på alle verdiar og haldningar blitt utbreidd i russetida. Dette er grunnen til at eg ikkje ser fram til russetida med like stor begeistring som mange av mine medruss.

Då mine klassevenner og – venninner allereie i fjor byrja å planlegge russetida, kjende eg ein stor avstand mellom meg og dei. Eg kjende inga glede ved planlegginga. Det verka som om denne tida eg helst ikkje ville skulle komme, allereie hadde byrja.

Det er på tide med ei haldningsendring blant ungdommane som gøymer sine handlingar bak russekonseptet. Eg ber om at vi som er russ i år, samt alle som blir det dei kommande åra, tenker over kva for verdiar dei kan sjå tilbake på at dei hadde i russetida, utan å skamme seg. Likevel, mest av alt ønsker eg meg ei feiring der alle er velkomne, og der ingen treng å vere redde for kva medruss gjer med seg sjølv, eller med andre.

Til alle mine medruss; eg gler meg til å feire med dykk, men ver så snill og pass på meg, pass på dykk sjølve, og ikkje minst dei rundt dykk. Til alle som ikkje er russ i år: ikkje alle ønsker å bli samanlikna og dømt på same måte som dei som går altfor langt, og skylder på russetida. Vi er ikkje alle slik.

Artikkeltags