For å friske opp minnet, var Åsne Olsvik (15), Stine Maria Solbakken (15) og Brage Legernes (14) med på den vekes lange turen til Afrika i samband med det humanitære prosjektet «The Great Ethiopian Run». Her delar dei sine tankar og det dei opplevde frå turen.

Fra Åsne sitt synspunkt

- Det som gjorde størst inntrykk var å sjå kor glade alle saman var, seier Åsne, og gjentar det fleire gongar.

Ho legg til at alle menneska der borte var veldig snille og positive. Noko ho lærte frå reisen var at ein treng ikkje å vere rik for å ha det bra.

- Noko som eg kjem til å hugsa for resten av livet mitt er når tre gatebarn kom bort til oss, medan vi venta på at ein bil skulle komme og hente oss. Desse gutta ville pussa skoa våre for å tjene litt pengar og dei fekk sjølvsagt lov til det, fortel Åsne.

Ho seier også at ho blei veldig trist då ho såg korleis nokre små barn må leve.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Brage og Stine fortel

- Turen var ganske likt som eg førestilte meg; husa, maten og kleda dei brukte var veldig annleis enn det er her i Norge. Ikkje minst var trafikken heilt vill, seier Brage.

Store skilnader på fattige og rike var noko som både han og Stine la stor merke til.

- Det som gjorde størst inntrykk var skulen som vi besøkte, seier Stine.

Ho utdjupar med at klasseromma var små med mykje elevar. Det var dårlige tilhøve i skulen og sjølve skulesystemet var annleis.

- Elevane byrjar ikkje å gå på skule når dei fyller 6 år som her i Norge, difor finnes det ulike aldersgruppar i ein og samme klasse, seier Stine.

Alle tre elevane har veldig lyst til å dra tilbake, difor oppfordrar de alle elevane som går på Knarvik ungdomsskule om å søka om å bli med på reisen til neste år!

Les også

Maria (11) i studio for å hjelpa fadderbarn og foreldrelause