Maria Farestveit (16), Modalen
– Har du planar i vinterferien?
– Nei, eigentleg ikkje. Skal vere med familien og gjere skulearbeid.
– Trur du verkeleg at du skal gjere lekser?
– Nei, eigentleg ikkje. Skal heilt sikkert tenke på at eg burde gjere det då.
– Korleis førestiller du deg den beste vinterferien?
– På slalåm.
– Har du nokon gong hatt ein drøyme-vinterferie?
– Nei, trur ikkje det.
Tuva Mjanger Sivertsen (16), Masfjorden
– Har du planar i vinterferien?
– Sånn halvvegs, eller ja. Eg skal slappe av, vere med venner. Skal også på SPA!
– Korleis førestiller du deg den beste vinterferien?
– Reise vekk frå Noreg til eit stad der det er varm og eg kan oppleve nye og spennande ting.
– Har du nokon gong hatt ein drøyme-vinterferie?
– Ja, då var eg på Gran Canaria i to veker. Eg var 14 og håpar på at det skal skje igjen.
10 tips til å betre takle ein travel skulekvardag
Kassandra Strømseng (16) frå Alversund
– Har du planar i vinterferien?
– Ja! Eg skal på turn-trening saman med turnlaget Gneist. Utanom det skal eg ingenting.
– Korleis førestiller du deg den beste vinterferien?
– Varme, varme og varme.
– Har du nokon gong hatt ein drøyme-vinterferie?
– Ja, i fjor var eg i Florida. Der var det opp til 40 gradar celsius ein dag når eg var der nede!
Victoria Trohaug (17) frå Modalen
– Har du planar i vinterferien?
– Ja, familien min skal leiga eit hus på Voss og der skal vi stå både på slalåm og langrennsski.
– Korleis førestiller du deg den beste vinterferien?
– Med ski og familie.
– Har du nokon gong hatt ein drøyme-vinterferie?
– Ikkje noko som skil seg ut, men alle vinterferiar er kjekke.
Lukas Hopsdal (13), Tobias Romarheim (13) frå Leknes
– Har dykk planar i vinterferien?
– Ja, vi skal på leir til Fjon Fjellkyrkje i helga. Etter det skal vi kanskje på trampolinepark.
– Korleis førestiller de dykk den beste vinterferien?
– Ved å bruke mykje pengar, seier Tobias.
– Nei, kanskje berre slappe av og ete snop. Då blir det perfekt, legg Lukas til.
– Har dykk nokon gong hatt ein drøyme-vinterferie?
– Nei.

Generasjon repetisjon