– Eg ser opp til dei som tør å vera seg sjølv

– Folk som tør å gjere det dei vil, stå for seg og sine meiningar og som ikkje bryr seg om kva andre tenkjer, det er dei eg ser opp til, seier Ida Marie Johannessen (17) frå Eikangervåg.

– Folk som tør å gjere det dei vil, stå for seg og sine meiningar og som ikkje bryr seg om kva andre tenkjer, det er dei eg ser opp til, seier Ida Marie Johannessen (17) frå Eikangervåg. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

ÆRLEG TALT med Nh UNG: Ida Marie Johannessen (17) frå Eikangervåg vil flytte til Syden og kjøpe is til born. – Eg har lyst til å bade mykje og kjøpe is til born som ikkje har råd til is sjølv.

DEL

Kven skulle spilt deg i filmen om livet ditt?

– Det anar eg ikkje. Eg kjenner ikkje til nokon skodespelarar som eg kunne tenke meg passar.

Kva er du redd for?

– Eg er redd for edderkoppar. Dei har åtte bein, kryp fort og er kjempeekle. Det er jo derfor dei fleste er redd edderkoppar reknar eg med!

Kva var den første tanken som slo deg i dag tidleg?

– Eg lurte på kva klokka var trur eg, men den neste tanken var vel kvifor i alle dagar kjærasten min vekka meg så tidleg. Eg trur eg var litt irritert.

Kva for ambisjonar har du for framtida?

– Eg vil kjøpe meg et hus i utlandet. Det må vera i Syden og nærme stranda. Eg har lyst til å vera rik, milliardær kanskje. Korleis eg skal bli det har eg ikkje heilt funne ut av endå. Eg skal bade mykje og kjøpe is til born som ikkje kan kjøpe is sjølv.

Kva greier du deg ikkje utan?

– Mobil! Ja og sminke sjølvsagt. Ein gong mista eg mobilen min og måtte vera utan den i ei veke, det vil eg aldri at skal skje igjen.

Om du skulle vore ein anna person for ein dag, kven ville du ha vore?

– Eg har ikkje akkurat eit namn eller ein særskilt person, men eg veit eg vil vera ein gut. Kanskje berre ein heilt vanleg gut. Eg vil liksom vita korleis dei tenker og slikt.

Kva tre songar er soundtracket til dagen din i dag?

– «Can’t have everything» av Drake, «Gag Gag – Dirty Radio» av Sharoom & Sanctus og «HUMBLE» av Kendrick Lamar. Dei songane er skikkeleg fengande.

Kva er din «guilty pleasure»?

– Eg likar å sjå på Avatar. Ikkje den filmen med dei Avatarane som er blå, men den serien som gjekk på Nickelodeon.

Kva brenn du for?

– Eg brenn for sminke. Eg har drive med sminke i mange år og eg har lyst til å utdanna meg som makeup artist. Til neste år skal eg gå på hudpleielinje.

Kven ser du opp til?

– Eg ser ikkje opp til nokon spesiell person. Folk som tør å gjere det dei vil, stå for seg og sine meiningar og som ikkje bryr seg om kva andre tenker, det er dei eg ser opp til.

Om du måtte ete ein ting resten av livet, kva skulle det ha vore?

– Det måtte ha blitt noko frå McDonald’s. Om eg må velje noko blir det nok cheeseburger.

Artikkeltags