– Vi i Noreg i dag forbruker ressursar som om vi hadde tre jordklodar. Dette er verken berekraftig eller rettferdig. Det er mange fordelar med å ta val som tar vare på jordkloden; vi tar også betre vare på vår eiga helse og menneska rundt oss.

Det seier Øyunn Stokkeland Kåset som er talsperson for Grønn Ungdom Hordaland og over snittet engasjert i miljøsaka. Nh Ung har tatt ein prat med ho for å få svar på kva som er dei største utfordringane for miljøet, kva vi kan gjere for å bidra og kor viktig det faktisk er å kutte ned på plastbruken.

Sidan plastkvalen på Sotra vart funnen, har spesielt plastforbruket prega nyheitsbilde og fleire og fleire sider av den omstridde plasten komme fram i lyset.

Plastaksjonen

Eit viktig val kvar og ein må ta med seg sjølv, er kor mykje plast dei er villig å bruke. Kor mykje unødvendige val ein ønsker å la kloden svi for. Eit at dei mest unødvendige plast-produkta vi nyttar, er plastposen. Dette er meiner vi i Nh Ung også er ein av dei lettaste tinga å ta tak i. Vi meiner det er ein fin start å byrje med droppe dei unødvendige plastposane, og har difor starta ein dropp plastposen-aksjon. Droppar ein plastposen, trur vi også Dette synest også Kåset i Grønn Ungdom er eit godt tiltak.

– Vi lever i ein overflod av ting vi berre bruker éin gong. Dette er dårleg ressursbruk. All den plasten vi produserer vert heller ikkje resirkulert, men hamnar for eksempel ute i naturen eller i havet. Dersom ein byter ut plastposane med eit handlenett vert det mindre unødvendig produksjon av eingongsprodukt som vi ikkje eigentleg har bruk for, meiner Kåset.

– Når plasten hamnar i havet, øydelegg vi dessutan for vårt eige livsgrunnlag. Fiskane og fuglane i havet et mikroplast og vil ikkje få i seg nok næring. Havet er matfatet vårt og søppeldungen vår på same tid, held ho fram.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

 

Mykje kvar enkelt kan gjere

Då spørsmålet om kva enkeltpersonar kan gjere for å fremme ein meir berekraftig kvardag kom på bana, peika representanten frå Grønn Ungdom Hordaland på at det er fleire ting ein kan gjere for å bidra til å betra miljøet.

– Det er mange ting enkeltpersonar kan gjere. Det er alt frå å ete mindre kjøtt, køyre mindre fly og bil, og prøve å minske forbruket av ting ein kanskje ikkje trenger, seier Kåset og peikar på at våre val som enkeltpersonar påverkar andre si moglegheit til å leve gode liv. Ho og partiet hennar ønsker difor å gjere det lettare for enkeltpersonar å ta miljøvenlege val i kvardagen.

 

– Ting vi kan gjere, er for eksempel å gjere det billigare å kjøpe grønsaker enn kjøtt, eller enklare og raskare å køyre buss eller sykle, enn det er å køyre eigen bil til jobb og skule.

– Norge må ta ansvar

Avsluttande legg ho til at anten ein bryr seg om miljøet eller økonomi er det ikkje bra for nokon av delane at vi held fram med det høge forbruket av unødige plastprodukt.

 

– I Frankrike har dei gjort plastbestikk, koppar og fat forbode. I mange afrikanske land ser vi at det same skjer. Det er dessutan lite effektivt ressursmessig å bruke plastposar berre éin gong før dei vert kasta, slik dei som oftast vert brukt i dag. I 2040 vil det vere like mykje plast som fisk i havet dersom vi held fram som no. Noreg har også eit ansvar for å forhindre denne utviklinga. Vi trur også at butikkane er sitt ansvar bevisst.