Reise, lære, designe. Dette er Malin (18) sin draum

I vår var Malin Haugland (18) frå Lindås russ, men til hausten håpar ho å få moglegheita til å studere design og arkitektur i Bergen.

I vår var Malin Haugland (18) frå Lindås russ, men til hausten håpar ho å få moglegheita til å studere design og arkitektur i Bergen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

I vår var Malin Haugland (18) frå Lindås russ, men til hausten håpar ho å få moglegheita til å studere design og arkitektur i Bergen. Nh Ung har stilt ho dei elleve faste spørsmåla i serien «Ærleg talt».

DEL

1. Kven skulle spilt deg i filmen om ditt liv?

– Russenamnet mitt var Arya, fordi alle synest at eg liknar sånn på Maisie Williams som speler Arya Stark i Game of Thrones. Sjølv synest eg ikkje at eg liknar så veldig, men det må nesten verte ho likevel.

2. Kva er du redd for?

– Eg er redd for ganske mange ting. Når eg er ute og går åleine i mørket, for eksempel i byen, er eg alltid redd for at nokon skal følge etter meg. Eg er og livredd for edderkoppar.

3. Kva var den første tanken som slo deg i dag tidleg?

– Dei fleste rundt meg har nyleg hatt omgangssjuka, så eg måtte kjenne etter om eg var frisk når eg vakna.

Ærleg talt med Nh Ung

Ærleg talt er ei spalte med faste spørsmål, laga av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

4. Kva for ambisjonar har du for framtida?

– Eg drøymer om å studere arkitektur i Bergen til hausten, også håpar eg at eg får moglegheit til å reise og oppleve verda. Eg er veldig interessert i ulike kulturar og samfunn, så eg trur det hadde vore veldig kjekt!

5. Kva greier du deg ikkje utan?

– Det er vel ingen som klarar seg utan mat og drikke? Elles må eg alltid ha familie og vener rundt meg. Det er kjekt å ha folk rundt seg, for eg er nok litt redd for å vere «forever alone».

6. Om du skulle vore ein annan person for ein dag, kven ville du ha vore?

– Eg veit ikkje om ein spesiell person, men eg ville ha vore nokon som fekk reise rundt og oppleve heile verda. Nokon som får oppleve ulike land og kulturar, utan å måtte bekymre seg for pengar.

7. Kva for tre songar er soundtracket til dagen din i dag?

Life is a highway – Rascal Flatts

Walking on sunshine – Katrina & The Waves

Be there – Seafret

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

8. Kva er din «guilty pleasure»?

– Eg synest disneyfilmar er skikkeleg koselege! Favoritten må vere Skjønnheten og Udyret, men Askepott er òg høgt oppe på lista!

9. Kva brenn du for?

– Eg brenn for design, som i arkitektur og interiør. No går eg i tredje klasse på formgivingslinja på Knarvik Vidaregåande skule, og eg er spesielt opptatt av akkurat denne retninga. Eg synest det er veldig interessant korleis arkitektar og designarar hentar inspirasjon frå omverda, og skaper ferdige produkt. Han som teikna operahuset i Sydney var for eksempel inspirert av måten ein skreller ei appelsin.

10. Kven ser du opp til og kvifor?

– Det er kanskje ein klisjé, men eg ser opp til foreldra mine og familien min. Det er jo dei eg alltid har sett opp til. Heile familien min er ganske morosam; det er ingen som tar seg sjølve spesielt høgtideleg, og det håpar eg at eg har arva! Verken foreldra eller besteforeldra mine er redde for å dumme seg ut. I tillegg kan vi hjelpe og støtte kvarandre, alle saman!

11. Om du måtte ete ein ting resten av livet, kva skulle det ha vore?

– Eg må nesten velje ein middagsrett då eg likar middag best! Eg er veldig glad i frityrsteikt kylling i sursøt saus med ris, så anten det eller wok. Asiatisk mat er generelt sett det beste eg veit.

Artikkeltags