Mållaget rosar Nh Ung: – Framtidsretta og nyskapande

Leiar Inger Helen Midtgård i Alversund mållag overrekte blomar og ros til ungdomsredaksjonen Nh Ung, som her var representert ved Silje Vassdal (t.v.), Synne P. Syslak, Oliander Taule, Sunniva Myklebust-Hansen, Peter Dimitrov Pletten og Amalie Ulveseth.

Leiar Inger Helen Midtgård i Alversund mållag overrekte blomar og ros til ungdomsredaksjonen Nh Ung, som her var representert ved Silje Vassdal (t.v.), Synne P. Syslak, Oliander Taule, Sunniva Myklebust-Hansen, Peter Dimitrov Pletten og Amalie Ulveseth. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Under redaksjonsmøte i Nh Ung denne veka, fekk ungdomsredaksjonen uventa ros frå Alversund Mållag.

DEL

– Vi deler av og til ut målros, og det synest vi Nordhordland Ung og Avisa Nordhordland fortener, sa leiar Inger Helen Midtgård i Alversund mållag.

På vegner av mållaget leverte ho torsdag blomster, brus og ros til ungdomsredaksjonen.

– Denne satsinga er framtidsretta og nyskapande. Den får unge til å skrive på ein slik måte at andre ungdommar interesserer seg for det og les det. Vi set stor pris på at de har valt å skrive på nynorsk. Vi ser at språket er godt, og at det er kvalitet over det de leverer, skrytte Midtgård.

Les meir om ungdomsredaksjonen Nh Ung her.

Ho utdjupa at ungdomsredaksjonen vert lagt merke til rundt om i Nordhordland, og at mållaget synest konseptet med artiklar skrivne av, for og om ungdom, er viktig.

Andre typar saker

– De har laga mange interessante artiklar om tema som vi vaksne ikkje har peiling på og, og som vaskane ikkje hadde hatt nokon ide om å skrive om. Vi set umåteleg stor pris på at nynorsk er målforma i satsing. Språk og kultur heng i hop, og det viser avisa Nordhordland at dei er klare over, slår Midtgard fast.

Journalistane i ungdomsredaksjonen sette stor pris på rosen frå mållaget.

– Dette var veldig kjekt og uventa, seier ung-journalist Sunniva Myklebust-Hansen.

Men gjengen er samde i at Midtgård peikar på nokre viktige punkt.

– Dei tinga vi har skrive om, har vi ikkje lest nokon om tidlegare, seier ung-journalist Silje Vassdal.

Saka held fram under bildet.

NH UNG: Peter Dimitrov Pletten, Amalie Ulveseth, Judith Børtveit, Julie Sætre, Oliander Taule, Synne P. Syslak, Sunniva Myklebust-Hansen, Guste Geciate, Silje Vassdal og Emma Kjenes.

NH UNG: Peter Dimitrov Pletten, Amalie Ulveseth, Judith Børtveit, Julie Sætre, Oliander Taule, Synne P. Syslak, Sunniva Myklebust-Hansen, Guste Geciate, Silje Vassdal og Emma Kjenes. Foto:

Kjekt med ros

Ho legg samtidig til at ungdomsredaksjonen har ambisjonar om å bli endå betre på å skrive om saker som angår ungdom på deira eigen alder.

– Vi er mykje meir vi kan skrive om, som vaksne ikkje skriv om. Ein del ting vil det vere rart om vaksne skriv om, mens det fungerer når vi skriv om det, meiner Vassdal.

Ung-journalistane synest også det er kjekt å få ros for nynorsken. Fleire av dei har nemleg bokmål som hovudmål på skulen, og det å skrive nynorsk gir dei derfor ei ekstra utfordring.

– Men det er veldig greitt å få brukt nynorsken her, meiner Myklebust-Hansen.

Til info: Eline Kirkebø, som har skrive denne artikkelen, er saman med Morten Sæle leiar av Nh Ung.

Artikkeltags